No ligg den før så stolte skuta ved ein stille kai i Ålfjorden med filippinske Ramon Russel som vaktar saman med skipskatten Mai-Mai.

12,5 millionar kroner brukte Westcon og underleverandørar på å setja den tidlegare danskebåten "Sir Winston Churchill" i stand frå 1996.

Men reiarlaget Emerald Cruise Lines — eigd av den norske Tandberg-familien i USA - greidde ikkje å gjera opp for seg. Og etter stadige juridiske rundar avgjorde Sunnhordland namsrett i fjor å selja fartøyet med tvang.

Normann Tandberg og sønene Kjell og Espen har sidan "gått under jorda" i USA. All post frå rettsapparat, advokatar og kreditorar er komen i retur.

— Mange interessentar har vore og sett på båten. Men berre kreditoren sitt bod ligg føre, og det skal namsretten ta stilling til. Salsprosedyren blir enklare om private tek over, seier meklar Bjørn Inge Kyvik i selskapet RG Hagland, som retten sette til å gjennomføra tvangssalet.