OVE A. OLDERKJÆR Stord

Ein av dei overlevande ville øyremerkja erstatninga si på 160.000 kroner til ei kvinne han har lånt store pengesummar av. Men retten har bestemt at Stord-mannen — som også lånte pengar til den «Sleipner»-overlevande – har førsterett til erstatninga.

Mandag skulle den overlevande ha møtt i Sunnhordland heradsrett for å prøva å fri seg frå gjeldsansvar overfor Stord-mannen. Men saka er utsett fordi det er innleia forliksforhandlingar.

– Han seier at han vil akseptera kravet vårt. Dermed ser det ut til at min klient vil få 110.000 kroner av «Sleipner»-oppgjeret. Og så håpar eg at kvinna kan få dei resterande 50.000, seier advokat Morten Harsvik, prosessfullmektig for Stord-mannen .

– Saka er stansa inntil vidare. Vi trekkjer ikkje vårt krav før pengane står på min klientkonto, seier advokat Harsvik til Bergens Tidende.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal Stord-mannen og kvinna ha lånt om lag 200.000 kroner kvar til den overlevande i «Sleipner»-ulukka.

Då den overlevande fekk vita at Stord-mannen sikra seg rettsleg kjennelse for førsterett til oppgjeret, sa han frå seg tilbodet om «Sleipner»-erstatning frå forsikringsselskapet Skuld. På visse vilkår skal Skuld på ny vera innstilt på å betala erstatninga til han dersom det kjem førespurnad om det. Skuld gjorde elles unna alle utbetalingar i samband med «Sleipner»-oppgjeret i juli i fjor.