Seljaren av huset reagerer sterkt på måten salet av bustaden i Leikanger skjedde, og har klaga meklaren inn til advokatforeininga, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Vi vart forbausa og forskrekka. Vi mente at dødsfallet som hadde skjedd her var heilt utan tyding for spørsmålet om verdien på bustaden, seier Peder Gravem, som er svoger til seljaren, til NRK Sogn og Fjordane.

— Belastande

Seljaren hadde akseptert eit bod på 1,5 millionar kroner, då kjøpar og seljar møttest hos eigedomsmeklaren.

Kjøparen var blitt klar over at det hadde skjedd eit sjølvmord i huset, og spurte om det ikkje burde vore opplyst om i bodrunden.

Meklaren foreslo å redusere prisen med 10.000, og dette vart godteke av begge partar, utan at kjøpesummen vart endra i kontrakten.

– I ettertid har ho opplevd det som belastande, og følte at advokaten sin vart ein motpart, seier Gravem.

- Ikkje brot på opplysningsplikta

Han meiner meklaren bør få en reaksjon frå advokatforeininga, og vil ha tilbakebetalt dei 10.000 kronene.

Direktør Finn Tveter i Norges Eigedomsmeklarforbund seier eit sjølvmord som har skjedd for over 12 år sidan ikkje skal gje redusert pris.

– Når det gjeld sjølvmord for så lenge sidan, vil det etter mi vurdering ikkje vere brot på opplysningsplikta om det ikkje vert opplyst om dette, seier han til NRK Sogn og Fjordane.