I fjor vår gjekk mannen i starten av 40-åra til sak mot sin tidlegare arbeidsgjevar, etter at han som dagleg leiar hadde fått avskjed på grunn av grov seksuell trakassering av ein kvinnleg medarbeidar i tenåra.

Ikkje truverdig alibi

Under arbeidsrettsaka vart mellom anna styrets skriftlege grunngjeving for oppseiinga lagt fram. Det viste seg at styret hadde undersøkt saka grundig, og at overgrepa mot den tilsette jenta var alvorlegare enn ho først hadde hevda. I oppseiingsbrevet brukte styret ikkje berre grov seksuell trakassering, men også voldtekt som grunnlag for å sparke mannen på dagen.

Arbeidsretten la til grunn at valdtekten og trakasseringa hadde funne stad, og konkluderte blant anna med at dei vitna som gav mannen alibi for valdtekten ikkje var truverdige.

Dermed tapte mannen søksmålet fullstendig. Seinare var saka oppe for Gulating lagmansrett, men heller ikkje her nådde mannen fram med sitt krav.

Vurderer erstatning

Etter at to rettsinstansar har avvist mannens krav om jobben tilbake, har påtalemakta no tatt ut tiltale for dei påståtte seksuelle overgrepa.

Statsadvokat Yngve Johs. Andersen viser til at saka truleg vil gå for lukka dører, og vil derfor ikkje gje innsyn i sjølve tiltalevedtaket. Andersen minner samtidig om at beviskrava er strengare i ei straffesak enn i sivile rettsaker.

Strafferamma for fullbyrda valdtekt er minimum to, maksimum femten års fengsel.

Ifølgje Sogn Avis har den tidlegare daglege leiaren heile tida nekta seg skuldig i valdtekt eller andre seksuelle tilnærmingar.

Advokat Jan Tollfesen skal bistå fornærma i saka, og opplyser at han er i gang med å utforme eit erstatningskrav, og vurderer både erstatning for forseinka skulegang og oppreising.

Straffesaka startar for Sogn tingrett i slutten av januar.