Men ho tapte saka, og må betale meir i sakskostnader enn ho kravde i erstatning.

Statens vegvesen kan ikkje lastast for ulukka, meiner retten, og skriv at ulukka skuldast ein kombinasjon av fleire uheldige forhold. Ein dom mot vegvesenet i denne saka ville venteleg utløyst eit skred av nye søksmål frå bilførarar som har kjørt utfor på den glatte asfalten på strekninga.

Ordemann sin bil kolliderte med ein motorsyklist i august 2001.

Ingen kom alvorleg til skade, men bilen hennar vart øydelagt. I retten kravde ho å få dekt utgftene sine på 25.000 kroner, men har no tapt saka fullstendig.

I staden må ho dekke Statens utgifter med 31.000 kroner.

Det var unormalt mange ulykker i Halbrendslia i Førde, og Vegvesenet har etter kvart gjort fleire tiltak for å få vegen mindre glatt og åtvare trafikantane.

Men sjølv om varselskilta var plassert ovanfor punktet der Ordemanns bil kolliderte, dekka skiltinga faktisk området der dei mange andre ulykkene i Halbrendslia har skjedd.

Først under sjølve rettsaka oppdaga Ordemanns advokat, Anders Folkman, at den aktuelle ulykka hadde skjedd i ein annan sving enn den mest ulykkesbelasta.

Så langt retten kjenner til, er Ordemanns bil nærast aleine om å ha hatt vanskar så langt nede i lia, og retten meiner Vegvesenet ikkje hadde spesiell grunn til å varsle denne svingen med eige skilt.

Rettsforhandlingane vart haldne i Sunnfjord tingrett i slutten av august i fjor.

Dommarfullmektig Per Johan Askevold peikar i ein sluttmerknad på at det har tatt alt for lang tid å få saka ferdig.

— Årsaka ligg mykje i at domaren har hatt andre prioriterte gjeremål, og at arbeidet med straffesakene har gjort det vanskeleg å finne ledig tid til å avslutte denne saka, skriv dommarfullmektigen.