EYSTEIN RØSSUM

Advokat Ole Reinert Berg-Olsen sende i går brev til Midhordland tingrett, med krav om at Kent Ivar Mjølkeråen straks blir pålagt å fjerne dei digre steinane han har lagt utanfor Vidar Sælens garasje.

— Eg har foreslått ei dagmulkt på 3000 kroner dersom ikkje steinane blir fjerna, seier Berg-Olsen, som representerer Vidar Sælen.

Må ha kranbil

Osingen meiner han har vegrett i Lekvenvegen 103, på grunnlag av eit tinglyst skøyte, og at naboen difor ikkje har lov til å stengje vegen.

I går kveld låg dei tre kjempesteinane framleis støtt og godt framfor garasjen hans. Og i hekken hang kameratens Mercedes-Benz 260 SE, slik han har gjort sidan laurdag kveld.

— Vi må få tak i ein kranbil. Det har ikkje ordna seg ennå, seier Sælen.

Bilen skal på verkstad for å få undersøkt kor store skader han fekk i hekk-løftet. Deretter vil det bli reist erstatningskrav mot truckførar Mjølkeråen.

Vil bruke trucken igjen

Nabofeiden har sitt utspring i at Kent Ivar Mjølkeråen selde eit par tomter like nedanfor Vidar Sælens hus. Sælen la inn naboklage, noko som i helga fekk det til å sprekke for naboen. Først stengde han Sælens innkjørsel med steinar fredag, deretter hadde dei to eit lite basketak, før Mjølkeråen laurdag toppa det heile med å ta ein Mercedes med gaffeltrucken og plante han godt oppi Sælens hekk.

Sælen har meldt naboen for vald og skadeverk. Mjølkeråen har varsla at han vil svare med same mynt - og lova i Bergens Tidende i går at han vil hente gaffeltrucken igjen om det skulle dukke opp fleire bilar utanfor Sælens hus.