VIDAR YSTAD

Vararordføraren vart i november meld til politiet med påstand om straff med bakgrunn i at ho stilte krav om innbetaling av eit omstridd pengekrav til kommunen, før ho ville ta ei reguleringssak under behandling. Hardangerskifer meinte ei slik kopling var ulovleg og innebar straffbar maktmisbruk.

— Vi har registrert at varaordføraren og kommunen «legg seg flate» etter å ha fått korreks frå Fylkesmannen. For å skape eit best mogeleg grunnlag for samarbeid framover, har vi funne det fornuftig å trekkje politimeldinga vår tilbake, seier dagleg leiar Bård Sandven i Hardangerskifer AS til Bergens Tidende.

— Vi har vunne fram med at det ikkje var lov å kople eit pengekrav kommunen meinte å ha mot oss mot politiske vedtak. Nå ser vi framover, seier Sandven.

Samstundes har ein av Ap-veteranane i kommunestyret, Dan Danielsen, fremja ein interpellasjon om saka i kommunestyret. Han stiller fleire spørsmål om drifta i Hardangerskifer, om deponering av skrapstein og om vedlikehaldsutgifter til den kommunale vegen til steinbrotet.

Nå ønskjer han reforhandling av avtalen mellom kommunen og Hardangerskifer mellom anna om vedlikehaldsutgiftene til vegen. Danielsen meiner Hardangerskifer har fått økonomisk støtte av kommunen som i hovudsak betalte den kommunale vegen fram til brotet, på 1,4 millionar kroner.

Ifølgje avtalen med kommunen pliktar kommunen å halde vegen ved like.

Sandven opplyser til Bergens Tidende at Hardangerskifer leiger retten til å drive ut stein, av kommunen. Og at selskapet betaler rente på investeringane på ein prosent meir enn kommunen betaler. Han meiner kommunen ikkje oppfyller sin del av vedlikehaldsavtalen for vegen og at Hardangerskifer av den grunn jamleg sjølv må vedlikehalde vegen. Det skjer i arbeidstida med Hardangerskifer sine maskinar.