Birøktarane på Bømlo har avlevert eit naudrop og ei tiltaksliste for kystlyngheia overfor landbruksminister Lars Sponheim.

— Bømlo er på mange måtar blitt ein lang tunnel der ein køyrer i kratt og skog, uttalar Bremnes Birøktarlag.

— I land der kystlyngheia har forsvunne, som Danmark, Belgia, Holland, Frankrike og delar av Storbritannia, er fleire fugleartar som naturleg høyrer heime i kystlyngheia blitt utrydda. Fleire stader på Kontinentet er det berre minne att om lynghonningen, seier birøktar Jan Sigve Særsten.

Lange tradisjonar

Bømlo har lange tradisjonar for produksjon av lynghonning. I krunåret 2002 leverte dei 30 attverande birøktarane 40 tonn.

Jan Sigve Særsten på Rubbestad investerte konfirmasjonspengane i sin første bikube i 1977. I dag disponerer han og kona 80 kubar på leigde areal rundt om på Bømlo.

Produksjonsarbeidarane, kring 60.000 bier i kvart samfunn eller bikube, forsyner Sæveruds bigeskjeft med rundt 2,5 tonn honning i året.

— Tilgroinga med furu, sitkagran og lauvtre går svært fort. Vekstforholda for lyngen blir dårlegare, kvaliteten blir forringa, seier Jan Sigve Sæverud.

Ingen lovnad

Som venta kunne ikkje landbruksminister Sponheim imøtekoma dei mange tiltaksforslaga frå birøktarlaget då han deltok på jordbruksdagane på Svortland på Bømlo fredag.

Bremnes-røktarane vil ha skattefrådrag for dei som kjøper motorsag for rydding i utmark, skattefrådrag for alle som kjøper vedomn, og skattefrådrag til småbrukarar som har meir enn ti sauer på utmarksbeite.

Statsråden viser til at det alt er sett i gong nasjonale tiltak for å halda i hevd kulturbeita og for auka bruk av biobrensel.

Hinder for brenning

— Før var det vanleg å svi av gammal lyng om vinteren, for slik å få fram friske skot som gir mykje honning. No er det nesten uråd å brenna, fordi det er så mykje annan vegetasjon å ta omsyn til, seier Jan Sigve Særsten.

Leiaren i Bremnes Birøktarlag meiner at også naboen på Rubbestadneset, miljøvernminister Knut Arild Hareide, bør ta ansvar for å bevara den norske kulturarven, kystlyngheia.

— Bømlo er ikkje lenger det Kaanans land som Hareide vaks opp i. Mykje har endra seg. For få år sidan var det 45 - 50 mjølkekyr her i området, når dette året er omme er det ingen att. Kystlyngheia og det økonomiske utbytet som ligg i den held på å forsvinna, seier Jan Sigve Særsten.

BIGESKJEFT I FARE: Jan Sigve Særsten og andre birøktarar på Bømlo slår alarm for å hindra at kystlyngheia - grunnvilkåret for lynghonningen - blir overgrodd av skog og kratt. Bømlo år potensial for 500 tonn honning i året, meiner Særsten. OVE ARNE OLDERKJÆR (foto)