Fylkeslege Petter Øgar er kritisk til den interne handsaminga av den svært spesielle saka på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane.

— Saka syner at avdelinga der dette skjedde ikkje har eit internt system som fungerer i slike alvorlege tilfelle, meiner fylkeslegen.

Spesiell oppførsel

Bergens Tidende kunne i går fortelje om ein fast tilsett lege som oppførte seg kritikkverdig då han skulle stadfeste dødsfallet til ei eldre kvinne.

Mellom anna hevda overlegen overfor sonen og svigerdottera at kvinna ikkje var død. Etter å ha lytta på henne, og fastslått dødsfallet, gav han stetoskopet til sonen, og ba han prøve om han kunne høyre noko.

Fylkeslege Øgar ber no Statens Helsetilsyn vurdere om legen bør meldast til politiet. Han meiner den aktuelle legen kan ha brote lova som gjeld for helsepersonell. Etter det Bergens Tidende forstår kan også Helsetilsynet på eige initiativ komme til å vurdere andre reaksjonsmåtar mot legen.

Undersøkte ikkje

I undersøkingane fylkeslegekontoret i Sogn og Fjordane har gjort, kjem det fram at sjukepleiaren som opplevde den høgst spesielle hendinga, har orientert sin avdelingssjukepleiar. Men der stoppa det. Sjefen på avdelinga fekk først vite om saka då dei pårørande tok kontakt med han. Og fylkeslegen har registrert at avdelingssjefen vel å tru på overlegens framstilling, utan å gjere andre undersøkingar og tiltak.

— Saka kan tyde på mangelfulle rutinar for å handtere denne typen avvik. Vi føreset at sjukehuset går gjennom rutinane på dette området, meiner fylkeslegen.

Dårleg PR

— Dette ser ut til å vere ei høgst uvanleg hending. Heldigvis har vi ikkje mange slike, kommenterer pasientombod Ove Mjåtveit i Sogn og Fjordane på bakgrunn av gårsdagens oppslag. Ombodet har tidlegare fleire gonger kritisert Førde-sjukehuset for å få mange klager på legar som rett som slett manglar folkeskikk.

— Dei siste åra har heldigvis talet på klager som gjeld uhøvisk framferd frå legar gått ned, seier Mjåtveit.

I fjor fekk sjukehuset 16 klager på dårleg oppførsel. Så langt i år er det berre seks. Sjølv om hendinga frå sist vinter kanskje skulle tilseie det motsette, håpar pasientombodet at nedgangen viser at sjukehuset har teke kritikken om dårleg legeoppførsel ad notam.

— Det har jo vore ein del oppslag om dette dei siste åra. Og det er jo ikkje nett noko særleg god PR for sjukehuset, konstaterer Mjåtveit.