— Det er ein trasig situasjon, seier Anita Hustveit Zadig, tenesteleiar for pleie og omsorg i Fjaler kommune.

Fjaler sjukeheim har 36 plassar, fordelt på tre avdelingar. Den eine er ei skjerma dementavdeling.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane fann fleire ting å setje fingaren på då dei nyleg gjennomførde tilsyn ved sjukeheimen.

For svakt legetilbod Dei konkluderer med at pasientane ikkje får forsvarleg legemiddelbehandling. Mellom anna meiner Helsetilsynet at legetilbodet er for svakt. Legane rekk ikkje over alt arbeidet som skal gjerast.

Tilsynslegen, som har det overordna ansvaret for legemiddelutdelinga, har berre sett av tre timar i veka ved sjukeheimen. I tillegg har sjukeheimen ein turnuslege 7,5 timar i veka.

Hustveit Zadig seier det er for tidleg å kommentere legedekninga ved sjukeheimen.

— Viss konsekvensen er at vi treng meir ressursar, vil det bli ei sak for kommunestyret, seier ho.

Manglande opplæring

Helsetilsynet kommenterer òg at omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar tar del i utstrakt grad i legemiddelbehandlinga.

«Dei har ikkje fått systematisk opplæring i høve kva dei skal observere og dokumentere. Ved journalgjennomgang kom det fram at pleiepersonalet sin dokumentasjon av effekt og biverknad av legemiddel er mangelfull», skriv tilsynet i sin rapport.

Hustveit Zadig seier at pårørande skal føle seg trygge på at pasientane ikkje lid overlast.

— Legemidla som pasientane får, er godkjend av lege. Det er ikkje slik at våre folk ved sjukeheimen gjer ting etter sitt eige forgodtbefinnande, seier ho.

Sjukare enn før

Kommunen har vore klar over at alle pålagde rutinar ved sjukeheimen ikkje har vore på plass. No vil dei foreslå ei tidsfrist for når avvika skal vere retta opp.

Hustveit Zadig meiner det vert stadig tøffare å drive sjukeheim utan auka ressursar.

— Pasientar får færre og færre liggjedøgn på sjukehus. Det tyder at vi får mykje sjukare pasienter å behandle enn før. Det stiller større krav til sjukeheimane som treng meir kompetanse og meir bemanning. Og denne utviklinga går i ei rivande fart, seier Hustveit Zadig.