Politiet hadde ingen nye bevis å legge fram da dei framstilte den drapssikta 41-åringen med krav om åtte vekers samanhengande forlenga fengsling.

Dermed kan planen om å halde mannen samanhengande fengsla fram til rettssaka startar slå sprekker.

— Mangelfull etterforsking

Forsvarar Ivar Blikra gjekk offensivt ut mot politiets etterforsking i forhøyrsretten, og har dette å seie om det han meiner er mangelfullt politiarbeid:

— Dersom politiet meiner at det skjedde eit basketak i forkant av drapet, så må jo absolutt alle tekniske funn på og rundt den drepne vere av stor interesse. Kven er politiet og Kripos, som kan skalte og valte med bevisa i ei så alvorleg sak, spør forsvararen retorisk, etter at politiet fredag vedgjekk at heile 70 hårfunn på og ved den drepne ikkje er analysert for DNA.

Politiet har gjort eit utval av funn som omsider er under analyse, men forsvararen har ikkje fått opplyst nøyaktig kor mange eller kva konkrete funn som er sortert ut.

Politiet opplyser at resultatet frå analysane av dei utplukka funna er klar i midten av desember.

I går kravde dei 41-åringen fengsla i meir enn åtte veker samanhengande, blant anna ut frå argumentet om at dei ikkje venta at bevissituasjonen skulle endre seg.

- Ingenting svekker saka

Også dette opprører forsvararen, som overfor Bergens Tidende peikar på at analysesvara som er venta om eit par veker utmerkt godt kan stille saka i eit anna lys.

— På denne bakgrunnen er det nærast arrogant å krevje så lang varetekt utan ny rettsleg vurdering undervegs, meiner Blikra.

Og tingretten meinte fire veker må halde i denne omgang. Dersom denne kjennelsen blir ståande, ligg det såleis an til ei ny vurdering av fengslingsspørsmålet den 31. januar.

Men slik saka står no, seier politiet at dei framleis er sikre på å ha tatt rett mann.

— Vi kjenner ikkje til noko i saka som svekkjer siktinga mot mannen, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

— Dersom det skulle ligge noko oppsiktsvekkjande i det materialet som vi no har sendt til analyse, så ville vi nok ha fått ei melding frå Rettsmedisinsk om dette.

Påkjærte på staden

Påtalemaktas heilt sentrale bevis mot 41-åringen er DNA-treffet på materiale funne på avdødes bh og høgre bryst. Dei har ingen tekniske spor eller vitne som knyter 41-åringen sikkert til åstaden.

— Forsvarets hovudpoeng er at DNA-sporet ikkje kan fortelje korleis og når det hamna på avdøde.

— Med så mange andre, uidentifiserte funn på offer og åstad blir mistanken mot min klient klart svekt, seier forsvararen.

— I denne saka er det eit klart underskot på informasjon. Politiet har berre etterforska eitt spor, og denne strategien har vist seg å vere fatal i andre drapssaker.

Blikra er overraska over at politiet kravde fengsling i meir enn åtte veker, fordi dei meiner at nye bevis ikkje vil dukke opp.

— Her ventar vi resultat av DNA-prøver frå offeret og åstaden. Da finn eg det rimeleg arrogant å hevde at saka ikkje kan stå i ein annan stilling om nokre veker, seier advokaten.

Påtalemakta vil ikkje påkjære kjennelsen, medan den sikta 41-åringen straks påkjærte fengslinga til lagmannsretten.

KRITISK TIL POLITIARBEIDET: Etter fleire skriftlege oppfordringar frå forsvarar Ivar Blikra har politiet no sendt ein del av dei totalt 70 uidentifiserte funna på offeret og åstaden til analyse. ODDLEIV APNESETH (foto)<p/>