I årsmeldinga frå EOS-utvalet, Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, som vart overlevert til stortingspresidenten i går, kjem det fram at EOS-utvalet er sterkt kritisk til fleire sider ved saka.

Kontrollutvalet fekk kjennskap til omfanget av saka gjennom inspeksjon ved PST Hordaland. Overvakingspolitiet som hadde teke beslag i store mengde dokument heime hjå Trond Ramsland.

«Vedvarende brudd»

Det vart funne mange tusen graderte dokument heime hos Ramsland etter at han var tatt for drapet på eks-kona. Dokumenta stammar frå fleire ulike tenestestader. Det inneber at Ramsland ulovleg har teke med seg dokument gjennom fleire år i Forsvaret.

Utvalet slår fast at «det har foregått vedvarende brudd på sikkerhetsloven, som det ser ut til at Forsvaret ikke har hatt systemer eller rutiner for å fange opp. Omfanget kan tyde på en systemsvikt når det gjelder regimet i Forsvarets Militære Organisasjon for ivaretakelse av dokumentsikkerheten».

I rapporten kjem det fram at kontrollutvalet har måtta knegå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) og Forsvarets Sikkerhetsavdeling (FSA) for å få dei til å setje i verk undersøkingar. Utvalet ville ha dei til å finne ut korleis så omfattande og vedvarande brot på reglane for dokumenttryggleik kunne pågå.

Svara frå dei to etatane indikerte ifylgje utvalet, at det rådde tvil om kven som hadde ansvaret i ei sak som dette.

Først heilt nyleg har FSA opplyst at dei vil gjennomføre ei gransking av saka. Granskinga skal også omfatte mogeleg ansvar.

Braut rapportplikt

Det inneber at det nå må gjennomførast ei gransking av alle dei som har vore Ramsland sine næraste overordna i dei åra «dokument-nappinga» hans har pågått.

EOS-utvalet lovar å fylgje opp denne saka. Samstundes opplyser utvalet at dei først nyleg er blitt orientert av NSM om at det heilt tilbake i 2002 vart avdekka alvorlege brot på dokumenttryggleiken i det dåverande Forsvarets Overkommando.

Det kjem fram at internutgreiinga av saka tok nærare tre år, og det var først etter at rapporten frå denne utgreiinga vart oversendt til NSM at kontrollutvalet vart orientert om saka.

Leiaren i kontrollutvalet, ambassadør Leif Mevik, stadfester overfor Bergens Tidende at tenestene som blir kontrollert av utvalet, har ei generell plikt til å orientere utvalet om aktuelle saker.

Mevik vil ikkje karakterisere den svikten som her har skjedd, men varslar at utvalet ikkje er ferdig med saka.

FAKSIMILE av oppslag i Bergens Tidende 17. april 2004.Trond Ramsland tok ulovleg med seg hemmelege dokument gjennom fleire år i Forsvaret.