Dette er konklusjonen i Statens Forurensingstilsyn (SFT) sin rapport, etter at dei like før jul gjennomførte inspeksjon ved behandlingsanlegget for farleg avfall.

Wergeland-Halsvik er næraste nabo til tidlegare Vest Tank i Sløvåg.

«Svært alvorleg»

— SFT ser svært alvorleg på avvika, heiter det i oppsummeringa av inspeksjonen, der tilsynet varslar tvangsmulkt på ein halv million kroner dersom det ikkje blir retta opp innan fristen.

— Vi meiner det er klart at Wergeland-Halsvik ikkje har godt nok kontroll, og det er alvorleg. Dette er ein av dei største aktørane i bransjen, seier seksjonssjef i tilsynsavdelinga i SFT, Bjørn Bjørnstad.

I tillegg kallar SFT bedrifta inn på teppet førstkommande tysdag, «som en ytterlegare oppfølging av inspeksjonen og forhold som rører ved utslippstillatelsen».

Inspeksjonen som var gjort i november var ei oppfølging av eit større tilsyn som vart gjort ved fleire verksemder som behandla farleg avfall på Vestlandet i juni.

  • Allereie då var vi klare på at vi skulle følgje opp med eit nytt tilsyn der vi avdekte dei mest alvorlege tilhøva. Wergeland-Halsvik var blant dei verksemdene, seier Bjørnstad.

Tilsynet omhandlar ein eldre del av Wergeland-Halsvik sine tankanlegg som tek imot oljehaldig mud og borekaks frå oljeindustrien. Her blir denne væska lagra fram til den blir forbrent, og oska plassert på eige deponi.

Drifta av denne delen av tankparken skal trappast ned og etter kvart fasast ut, men SFT meiner dette går altfor sakte.

På inspeksjonstidspunktet hadde bedrifta 28.500 kubikkmeter med farleg avfall lagra på desse tankane - der SFT altså meiner at både tilstandskontroll, vedlikehald og merking er mangelfull.

Vidare peikar SFT på at utsleppsløyvet til forbrenning av avfallet er forelda, og at verksemda ikkje kunne dokumentere at den følgjer dei nye krava i den aktuelle forskrifta.

Samtidig som SFT refsar bedrifta for å ha eit «kraftig forelda» utsleppsløyve, må tilsynet vedgå at dei ikkje har handsama ein fornya søknad frå Wergeland-Halsvik. Denne søknaden fekk SFT i 1999, altså for nesten ti år sidan, men SFT skriv sjølv i rapporten at dei «har ikkje klart å behandle denne søknaden».

- Vil påverke drifta

Eit anna alvorleg ankepunkt er at Wergeland-Halsvik manglar god nok styring av mottak og handsaming av farleg avfall.

— Bedrifta er pliktig til å byggje ned lageret slik at de får tilfredsstillande tilstand på tankparken (...), skriv SFT.

  • Vi meiner det er alvorleg at verksemda ikkje har god nok kontroll på kva som er i tankane, seier Bjørnstad.

Han minner om at det ikkje er første gong SFT har avdekte brot på regelverket ved verksemda.

  • Det gjer at det er naudsynt med ei tettare oppfølging. Det er årsaka til at vi har bedt om eit møte med leiinga i selskapet, seier Bjørnstad.

Han seier at pålegget vil få konsekvensar for drifta av anlegget.

  • For å oppfylle pålegget må vedlikehaldsarbeidet bli tilpassa drifta. Vi vil følgje opp korleis dette skal gjerast. Denne gang vil vi ikkje la verksemda få arbeide aleine fram mot fristen vi har sett for pålegget, seier Bjørnstad.
FÅR OG GIR KRITIKK: Wergeland-Halsvik får knallhard kritikk av SFT. Dagleg leiar Lars Hellandsjø, meier at SFT overreagerer, og hevdar at tilsynet ikkje har orden på det dei held på med sjølve. ARKIVFOTO: ANNIKEN MJAALAND