— Plutseleg stod dyret midt i vegen. Unnamanøvren kom for seint, hjorten small inn i frontruta og bilen hamna på taket i ein hage, fortel Idar Mjønes (23) frå Fitjar.

Fem år etter ulukka sit opplevinga enno godt i minnet, hendinga har gjort Mjønes ekstra oppmerksam langs vegen. Det bør fleire enn han vera. For talet på hjortekollisjonar har auka kraftig, i takt med veksten i biltrafikk og hjortestamme. I snitt skjer det no to viltkrasj dagleg på Vestlandet, med store konsekvensar for både to— og firbeinte.- Så seint som sist veke passerte eg hjort på fitjarvegen igjen. Det er heller ikkje så lenge sidan eg så å seia såg ein hjort krasja mot panseret på E39 ved Søfteland. Heldigvis greidde eg å bremsa før det small, seier Idar Mjønes, for tida jobbpendlar til Mongstad.

- Tre englar

Heldige var fitjarbuen og to kameratar også i den dramatiske rundvelten på fylkesvegen forbi Årskog nord for Fitjar sentrum ein maikveld i 2006.

Idar hadde nett kjøpt seg ein BMW 1993-modell, han var for ung til å ha sertifikat og hadde ein kamerat som sjåfør. I baksetet sat ein tredje kamerat. Det var han som først oppdaga hjorten midt i vegen rundt svingen ved Årskog bru då dei kom køyrande i 80 kilometer i timen. Sjåføren prøvde å svinga utanom hjorten, utan hell. Bilen skar utfor vegen på høgre sida, fór over til venstre og tippa rundt og inn i bringebærhagen til pensjonist Malvin Lønning.— Det må vera tre englar, utbraut kona til Lønning då ho såg alle tre ungdommane krypa ut av bilvraket så å seia uskadde.

Drepte hjort med kalv

— Vi var heldige, berre han i baksetet blødde litt i panna. Etter ein tur på legevakta var vi tilbake på ulukkesstaden. Viltnemnda var raskt på plass og tok seg av den drepte hjorten. Også kalven ho hadde i magen blei drept momentant i samanstøyten, seier Idar Mjønes.

Kort tid etter uhellet stilte dei tre kameratane hos ekteparet Lønning og fiksa eit nedkøyrt gjerde og rydda i bringebærhagen. "Flotte ungdommar det der", seier Lønning, som meiner det er køyrt i hel minst ti hjortar på strekninga forbi huset sitt dei siste femti åra.

Tapte 20.000

Bilen til Idar Mjønes blei totalvraka. 23-åringen sitt økonomiske tap summerte seg til rundt 20.000 kroner etter fråtrekk av vrakpant og forteneste på sal av deler. Vegvesenet har rekna dei årlege samfunnskostnadene ved viltkollisjonar til 600 millionar kroner. Forsikringsselskapa betalte ut 143 millionar kroner i erstatningar i 2008, bilistane betalte i alt 23 millionar kroner i eigendeler. Dei 53 prosent av bileigarane som ikkje hadde kaskoforsikring måtte sjølve ut med 187 millionar kroner i bilreparasjonar.

— Det var ikkje så veldig kjekt å køyra bil etter det som skjedde. Men etter nokre månader tok eg lappen, og investerte i bil igjen. Det er ingen tvil om at hendinga sit i enno, og har gjort meg ekstra oppmerksam på faren for å møta hjort på vegen, seier Mjønes idet han påviser kollisjonsstaden på Årskog.

— Rett rundt svingen der kolliderte forresten ein kompis av meg med hjort for tre år sidan og fekk kondemnert bilen sin, seier Idar Mjønes.

Fylkesveg 545 på vestsida av Stord er for tida omkøyringsveg for E 39 natterstid grunna utbetringsarbeid ved Jektevik. Den smale vegen går langs fleire hjorteområde, og har stor trafikk til og frå ferja på Sandvikvåg. Dei to første vekene i august skjedde det to hjortekollisjonar her, begge utan personskade.

Les meir om hjortekollisjonar i BTs papiravis onsdag 31.august

PÅ ALETTEN: Idar Mjønes (23) meiner at rundvelten etter møtet med ein hjort har gjort han meir merksam som sjåfør.
ØRJAN DEISZ