Verken pårørande til dei fire omkomne eller dei tolv som blei skadde vil neppe nokon gong få det presise svaret på kvifor Atlantic Airways-flyet ikkje greidde å bremsa, og hamna utanfor flystripa på Stord lufthamn i oktober 2006. Havariinspektør Birger A. Bull stadfestar overfor Bergens Tidende at den endelege havarirapporten som kjem ein av dei nærmaste dagane, berre har ei teoretisk forklaring på bremsesvikten.

— Ja, vi har ein teori om kva som skjedde, men ikkje eit bombastisk svar vi kan setja to strekar under, seier Birger A. Bull.

Nekta å fungera

Det blei tidleg klart at uutløyste løftespoilarar på vengene og manglande nedbremsing var årsak til at jetflyet frå Atlantic Airways hamna utanfor rullebanen og tok fyr. Men årsaka til at spoilerane nekta å fungera slik pilotane ønskte, har inspektørane i Statens havarikommisjon for transport, avdeling luftfart ikkje funne ut av. Til det var vraket altfor utbrent.

Havarikommisjonen er i sluttfasen med å kvalitetssikra den endelege rapporten om den fatale ulukka i nordenden på Stord lufthamn 10.oktober 2006 – ei 105 siders avhandling med seks vedlegg på over 40 sider. Kommisjonen har gjort ei rekkje undersøkingar i inn- og utland, og har søkt å finna parallelar i andre hendingar med samme flytype – British Aerospace (BAe) 146-200 med fire jetmotorar og plass til 92 passasjerar.

Hending i London

Fire månader etter Stord-ulukka var manglande utslag på løftespoilerane årsak til at ein BAe 146-200 fekk store problem med nedbremsinga på London City Airport ved Themsen. Det samme skjedde samme stad i 1996.

— Slike hendingar er likevel sjeldne for flytypen, ifølgje våre undersøkingar. Det som skjedde i London i 2007, har dessutan ingen klar parallell til Stord-ulukka, seier Birger A. Bull i havariinspeksjonen.

Bull ønskjer ikkje å utdjupa kva årsaksteori kommisjonen landar på før Stord-rapporten blir offentleggjort.

"No spoilers!"

Verken før eller etter ulukka har Atlantic Airways hatt problem med å landa og stoppa i tide på den 1460 meter lange rullebanen på Stord lufthamn Sørstokken med sine BAe-maskinar. Normal nedbremsing skjer i kombinasjon med hjulbremser og seks løftespoilerar (engelsk: lift spoilers ) oppå vengene. Spoilerane si fremste oppgåve er å fjerna attverande vengeløft og overføra flyet si vekt til understellet. På den måten får hjula betre feste og større bremseffekt.

Pilotane om bord i charterflyet på veg frå Sola merka ved landinga på Stord straks at noko var gale. Dei meldte " No spoilers! " og bremsa det dei kunne, også med naudsystemet. På flyets ferd mot stupet etterlet dei seks landingshjula seg mengder av "kokt" gummi på rullebanen som følgje av den iherdige bremseaktiviteten. Men det var fånyttes. Flyet skrensa utanfor asfalten, over grasbakken og ned i krattskogen. Der rusa den indre, venstre motoren på høgt turtal i fleire minuttar, og det oppstod fyr som spreidde seg via flybensin som rann inn i kabinen frå vengene.

I det utbrende flyvraket i dumpa nord for flystripa greidde inspektørane å slå fast at aktuatorane – det er komponentar som omset elektriske signal til spoilerrørsler – fungerte, men dei var ikkje aktiverte. Ein eller annan stad på vegen dit hadde pilotane sine signal stoppa opp, trass i at systemet har innebygde reserveløysingar både elektrisk og hydraulisk.