No har Ytre Sogn tingrett dømt mannen til 70 dagars fengsel utan vilkår, seks tusen kroner i bot og erstatningar på til saman drygt 18.000 kroner. I tillegg har politiet fått rettens velsigning på å inndra mannens bil.

Det var på Leikanger i Sogn den 24. juli i år at han nekta å stoppe for politiet,og først gav opp da lensmannen oppretta ei vegsperring. Ifølgje dommen skal domfelte ha kjørt mot lensmannen slik at denne måtte hoppe unna, og deretter rygga med stor fart inn i den sivile politibilen han hadde bak seg. Ikkje berre ein, men tre gonger.

I førarsetet sat ein politibetjent som forklarte at han frykta å få airbagen utløyst rett i fjeset.

På veg til arresten og i avhøyra etterpå uttala domfelte at han ville drepe ein av politibetjentane og familien hans med kniv, fordi det ifølgje 26-åringen "gav mest tilfredsstillelse".

Mannen er også domfelt for å ha knust sideruta på ein tilfeldig bil i Årdal i Sogn, samt for promillekjøring.

Tingretten har i alt dømt mannen for eit tilfelle av vald mot politiet, eitt tilfelle av truslar mot politiet, promillekjøring, kjøring utan førarkort, aktlaus kjøring og to skadeverk.

I formildande lei har retten vektlagt at 26-åringen har hatt ein svært vanskeleg barndom og oppvekst, blant anna i eit regime der han opplevde militærkupp og politibrutalitet på nært hald.