Ulukka skjedde ei laurdagsnatt i mars i år, og same natt ringte 18-åringen politiets nødnummer og meldte bilen stolen. Dagen etter troppa han opp på lensmannskontoret og stadfesta politimeldinga.

I Sunnfjord forhøyrsrett sist fredag kom den angrande syndaren og la alle korta på bordet. 18-åringen erkjente at bilen slett ikkje var stolen, og at det var han sjølv som sat bak rattet då det gjekk gale. I tillegg erkjente han å ha køyrt i 100 km/t i 80-sona der ulykka skjedde.

Sunnfjord forhøyrsrett har sett straffa til fengsel i 21 dagar.