Ein eller fleire personar skal vere skadde etter ulukka, melder NRK Sogn og Fjordane.

Kjedekollisjonen skjedde på riksveg 15 ved Breidalen brøytestasjon på Strynefjellet.

Ulukka skjedde på Oppland-sida av fylkesgrensa, men ambulansen i Stryn er kalla til staden.

Det er for dårleg ver i området til at luftambulansen kan lande.