PER MARIFJÆREN

— Føraren vart sendt til sentralsjukehuset i Førde med ambulansehelikopter, fortel vakthavande politibetjent Oddgeir Otterdal hjå lensmannen i Årdal.

Mannen, som er av irakisk opphav, kjørte ein eldre Mercedes på veg vestover Filefjell. Han har truleg sovna, og kjørte utfor på ei rett strekning like etter å ha passert fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Bilen trilla rundt på taket, og er ifølgje politiet for vrak å rekne.

Men det var da politiet skulle granske ulukkesbilen nærare at dei fekk den heilt store overraskinga.

— Vi fann 400 kartongar à 200 russiske sigarettar i bilen, fortel Otterdal til Bergens Tidende. - Vi veit enno ikkje kvar han var på veg, det kan jo vere eksempelvis Bergen, Førde eller eigentleg kor som helst her vest.

Føraren er ikkje livstrugande skadd, og skal no avhøyrast av politiet. Ifølgje Otterdal hadde den eldre Mercedesen norske skilt, men korkje avgifter eller forsikring var betalt.

Politiet har dokumentasjon på at irakaren var i Oslo så seint som tysdag kveld. Dei 80.000 sigarettane er av typen LM, og utgjer eit betydeleg beslag på Vestlandet.

— Vi kjem til å etterforske saka vidare, både ut frå mistanke om brot på tollova og vegtrafikklova, seier Otterdal.