Utruleg nok kom verken sjåføren eller dei to passasjerane alvorleg til skade i utforkøyringa på rv 48 ved Seimsfoss i Kvinnherad 29.mai i fjor.

Sunnhordland tingrett slår hardt ned på villmannskøyringa som skjedde berre eit par månader etter at to 18-åringar miste livet i ein voldsom kollisjon på rv 48 ved Husnes. Det er uaktuelt å la sjåføren sleppa unna med vilkårsdom i tilfelle som dette, slår retten fast. Sjåføren hevdar at han køyrte berre i 75 – 80 km/t med den lånte bilen, og at han blei forstyrra av eit dyr i vegkanten.

Det er biltilsynet som ut frå skader på bilen og eit vel 50 meter langt skrenseespor har rekna ut at farten må ha vore over 120 km i timen.

Passasjerane i bilen observerte ikkje kva som skjedde like før utforkøyringa fordi dei var opptekne med å justera stereoanlegget og å tasta mobiltelefon.