— Om Mattilsynet gjer alvor av å innføre beitenekt, då har rovdyrpolitikken spelt fullstendig fallitt, seier sauebonde Lars Nesse.

Nesse og sankelagsleiarar BT har vore i kontakt med i sognekommunane, er sterkt kritiske til DNs arbeid med på stoppe jervens frammarsj i fjellområda Stortinget har bestemt skal vere beitemark for sau og andre husdyr.

— Vi opplever direktoratet som lite samarbeidsvillige. Dei opererer med ein skjult agenda, meiner sankelagsleiar i Skjolden, Arne Rebni Øvreås.

Manglar ressursar

DN avviser at dei ikkje held seg til stortingsvedtak som seier at det berre skal vere streifdyr av jerv i Indre Sogn.

— Vi følgjer den nasjonale politikken. Men når den skal praktiserast, blir det ofte også eit spørsmål om ressursar, seier prosjektleiar Erik Lund i avdelinga for artsforvaltning.

BT har fått innsyn i fleire brev som i vinter og vår har gått frå sankelaga i Indre Sogn til Direktoratet og deira underorgan Statens Naturoppsyn (SNO). Her gjev målsmennene for sauebøndene uttrykk for sterk misnøye med arbeidet som skjer for å få redusert jervebestanden. Leiarane for sankelaga meiner direktoratet prøver å tilsløre kor mange rovdyr det er i området, og dei er kritiske til måten SNO organiserer arbeidet med sporing av jerv.

Frå seks til to

Situasjonen spissa seg då årets lisensjakt var over 15. februar, utan at ein einaste av dei seks jervane det var jaktløyve på var felt. Miljøvernminister Helen Bjørnøy opna for ekstra uttak, svaret frå direktoratet var at det kunne fellast to jervar i ei ekstrajakt til utgangen av mars.

— Miljøverndepartementet gav direktoratet ryggdekning for ekstraordinære tiltak. Vi finn det påtakeleg at dei bestemmer seg for å setje ei øvre grense som er fire dyr færre enn under lisensjakta, seier Rebni Øvreås.

Sankelaga meiner vedtaket signaliserer at DN med opne auge går inn i ein ny sommar som vil gje store tap på beite. I fjor betalte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ut nær 1,7 millionar kroner i rovdyrerstatning. 587 sauer og lam blei erstatta, i all hovudsak er skadane knytte til jervens herjingar i Aurland, Årdal, Lærdal og Luster.

Står ikkje på viljen

— Vi klaga til DN på at dei ikkje ville ta ut heile lisenskvoten på seks dyr. Dei har ikkje ein gong svart oss, seier Arne Rebni Øvreås.

Jegerane meiner dårleg vêr i vinter må ta skulda for at dei ikkje greidde å felle ein einaste av dei seks dyra dei hadde løyve på. Etter at jakta blei utvida, har det blitt skote ei ung tispe.

DN avviser blankt at dei motarbeider politiske vedtak som dei skal setje ut i livet. Dei viser mellom anna til at alle hi som har blitt oppdaga siste åra, har blitt tekne ut.

— Dette går ikkje på vilje, men på kapasitet, seier Erik Lund.

Sognebøndene meiner direktoratet no må setje inn alle ressursar på å redusere jervestamma før snøen smeltar.

— Å jakte jerv på berr mark er ei bortimot umogleg oppgåve, seier Lars Nesse.

FALLITTERKLÆRING: Lars Nesse viser fram den første jerven som blei felt i sognefjella etter at jerven tok til å etablere seg for ti år sidan. Han meiner rovdyrpolitikken har spelt fallitt, dersom det no blir sett i verk tiltak mot sauene. ARKIVFOTO: JENS HAUGE