Det er full krangel mellom seljarane, kjøparane, reiarlaget og selskapet som hadde forsikra fisken om bord i «Green Ålesund».

For retten i London

Kjøparen av fisken, selskapet Salas med hovudkontor i Riga i Latvia, har tatt ut voldgiftssak mot Nomadic Shipping. Etter det Bergens Tidende kjenner til meiner Salas at eigaren av skipet må erstatte lasta, fordi det blei utvist aktløyse då skipet gjekk på grunn. Denne saka kjem etter alle solemerke til å gå for retten i London.

I tillegg er det tvist mellom selskapet Sevrin Tranvåg AS i Sula på Sunnmøre og forsikringsselskapet Gjensidige. Striden går på at Gjensidige meiner polisen ikkje gjev grunnlag for erstatningsutbetaling etter havari. Saka har alt vore oppe for rettssytemet. Då tapte fiskeeksportøren, men dei har anka saka inn for lagmannsretten.

Sild og makrell

Fryseskipet «Green Ålesund» var lasta med 2400 tonn sild og 400 tonn makrell då båten gjekk ned i Bleivika nord om Haugesund 15. desember 2000. To sunnmørske eksportørarar, Severin Tranevåg AS og Nils Sperre AS, hadde levert fisken. Kjøpar var latviske Salas, eit stort selskap med kontor i ei rekkje land. Salas hadde leigt «Green Ålesund» for å frakte fisken, og lasta skulle etter planen lossast i ei hamn på Svartehavskysten.

— Det er ikkje avklara kven som var eigar av fisken på det tidspunkt båten gjekk ned, opplyser advokat Lars Arne Baug.

Til Bergens Tidende seier advokaten, som er oppnemnd som styrar for avgrensingsfondet i Sjølova, at både den eine eksportøren og den russiske kjøparten har meldt inn store krav. Sevrin Tranvåg AS i Sula kommune har meldt inn eit krav på 899.000 dollar, eller kring 8 millionar kroner.

Dialog

— Så langt har vi ikkje fått oppgjer for fisken. Vi er i dialog med kjøparen, men eg ønskjer ikkje å gå ut med kvar denne saka står, seier disponent Jørgen Bodvar Tranvåg.

— Har havariet skapt økonomiske vanskar for selskapet?

— Nei, det har det ikkje.

Kjøparen, firmaet Salas i Riga, har på si side meldt eit krav på 2,2 millionar dollar, og har hevda at dette representerer heile verdien av all frosenfisken om bord.

Den andre eksportøren Nils Sperre AS har derimot ikkje meldt inn krav. Dei har sikra seg gjennom ein avtale med sitt forsikringsselskap.