Kommunen nektar å betala sin part på 25.000 kroner, skriv lokalavisa Grannar. Ordførar Amund Enge (H) viser til ein munnleg avtale om at laksepølseprodusenten skulle profilera seg gjennom å sponsa hovudmåltidet for HKH kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon.

Aud Lid Wiland (56) og Anna Emmerhoff Nilsen (48) stod utan arbeid då Norway Foods la ned sardinfabrikken i Skånevik. Så etablerte dei Skånevik Sjømat AS, som utvikla ein ny lakserett — laksepølsa.

Haakon likte pølsa

Kronprins Haakon takka for eit spesielt og godt måltid då han, Mette-Marit og 1500 etnebuar fekk smaka på laksepølsa på kronprinsparets gjennomreise i august 2002.

Skånevik Sjømat AS hadde ikkje midlar til å spandera måltidet. Derfor tok Aud Lid Wiland og Anna Emmerhoff Nilsen opp private lån på 17.000 kroner kvar for å finansiera kronprinsmaten.

Eit anna sjømatfirma tok på seg å betala ein tredel, Nilsen og Wiland rekna med at dei skulle betala ein tredel og kommunen resten. Men ein konsulent hadde lova at kommunen ikkje skulle betala noko.

- Ikkje rett

Den munnlege avtalen med ordføraren fekk Etne formannskap til å avvisa søknaden frå Aud Lid Wiland og Anna Emmerhoff Nilsen om kommunalt bidrag.

Det høyrer med til historia at varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap) var innstilt på å imøtekoma søknaden, men trekte framlegget sitt.

— Me synest ikkje det er rett at me arbeidslause skal ta denne rekninga, seier Aud Lid Wiland til Bergens Tidende. Ho har ikkje gitt opp håpet om ein laksepølsefabrikk, men legg til at eit nytt forsøk iallfall ikkje vil skje i Etne kommune.

Laksepølseproduksjonen i Skånevik er for lengst lagt ned. Skånevik Sjømat AS var ein del av oppdrettsgründar Endre Rundhovde sitt kortvarige engasjement i Skånevik. Sjømatselskapet hadde ved utgangen av 2002 negativ eigenkapital og ingen inntekter.

MUNNLEG AVTALE: Ordførar Amund Enge (t.v.) viser til ein munnleg avtale om at laksepølseprodusenten skulle profilera seg gjennom å sponsa hovudmåltidet for HKH kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon då paret vitja Etne. <br/>ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ