Helse Førde bad deretter fylkeslegen konkretisere kva som er uforsvarleg. No konkretiserer Fylkeslegen sine synspunkt i eit nytt brev til helseføretaket.

Her konsentrerer Øgar seg spesielt om konsekvensane for resonstida, altså tida det i gjennomsnitt tar frå alarmen går til ambulansen er på plass. Øgar peikar på at arbeidsgruppa som har utgreidd saka for Helse Førde avdekkjer at responstida er for lang ved akuttoppdrag allereie før dei foreslåtte kutta er sett ut i livet. I tillegg har arbeidsgruppa påpeikt at ei stor gruppe av ambulansepersonellet har mangelfull fagleg standard.

«Utfrå dette kan ikkje Fylkeslegen sjå det annleis enn at Helse Førde (...) har fjerna si ambulanseteneste frå dei politisk uttrykte krav og mål for tenesta, sjølv om tenesta i utgangspunktet ligg godt under desse krava», skriv Øgar, og føyer til at «Dette vil Fylkeslegen kalle uforsvarleg».

Øgar nemner at dei konkrete konsekvensane i fylket vil bli mest merkbare der tenesta blir redusert, altså i kommunane Balestrand og Selje. Til slutt spelar Øgar ballen tilbake til Helse Førde, dersom leiinga er usamd i hans vurderingar kring omgrepet «forsvarleg» ambulansetenesta: «Fylkeslegen vil be Helse Førde gjere greie for kor dei meiner grensa for fagleg forsvarleg ambulanseberedskap ligg, og kva dei bygger denne vurderinga på.»