Det er Eikemoelva som renn ut i Åkrafjorden mektige Sunnhordland Kraftlag (SKL) og det vesle selskapet Småkraftentreprenørene stridast om. Vassdraget ligg på grensa til Folgefonna nasjonalpark.

Småkraftentreprenørene skreiv først kontrakt med eine grunneigaren, men han skifta seinare side til SKL. Begge selskapa ønskjer å byggja kraftverk nede ved fjorden på Eikemo. Og begge selskapa hevdar å ha fallrettane.

Liten mot stor

Småkraftentreprenørene er eit tomannsselskap frå Jæren, medan SKL er ein dominerande aktør på Folgefonnhalvøya ved sida av Statkraft.

SKL har søkt konsesjon for eit nytt Tøsse kraftverk på Eikemo med ein produksjon på vel 20 GWh, nok til å forsyna tusen husstandar med straum.

Før NVE (Norges vassdrag— og energidirektorat) avgjer søknaden, må direktoratet ta stilling til kven som har fallrettane. Striden er for lengst blitt advokatmat, og begge selskapa står på sitt.

— SKL har vore veldig aktive etter at vi skreiv kontrakt med grunneigaren. Vi meiner å ha ein gyldig grunneigaravtale og rett til minst ein tredel av fallrettane, seier Egil Astad i Småkraftentreprenørene.

- Ikkje gyldig

— Etter vår meining hadde Småkraftentreprenørene ein intensjonsavtale med grunneigaren, med vilkår som ikkje blei følgt opp. Avtalen er difor ikkje gyldig lenger, seier administrerande direktør Magne Heimvik i SKL.

SKL har ein dobbel plan med vatnet i Eikemovassdraget. Ein del skal overførast til Vetrhusvatnet for å auka kraftproduksjonen i eksisterande Blåfalli-stasjonar i Kvinnherad. Resten går som redusert vassføring i Eikemoelva til nye Tøsse kraftverk.

— SKL ønskjer oss tydelegvis ikkje inn i området, dei ignorerer oss og har lova grunneigarane å ta alle juridiske kostnader, seier Egil Astad i Småkraftentreprenørene.