Gruppeleiar Jan-Ove Fromreide meiner ein her bandlegg store areal som kunne blitt brukt til framtidige bustadtomtar eller næringsutvikling. Ei skytebane burde, etter Fromreide si meining, blitt lagt til eit område langt frå bygging/utbygging/busetnad, melder Kystradioen.

Arbeidarpartirepresentanten Øystein Holmelid, som fremja forslaget, meiner området ligg langt nok frå bygging/utbygging/busetnad til ikkje å vere til sjenanse. I vedtaket heiter det også at dersom tilfredsstillande grunnavtalar ikkje blir oppnådd i minneligheit, vil kommunestyret ekspropriere grunn og rettigheitar.

Fromreide meiner dette er å setje eigedomsretten til side, og at ekspropriasjon berre kan nyttast når tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det. Og Fromreide meiner ei skytebane ikkje er ein tungtvegande grunn. Holmelid meiner derimot at ei skytebane vil gje eit godt og viktig fritidstilbod på Askøy, som er ein av to kommunar i Hordaland som ikkje har skytebane, melder Kystradioen.