Monika Berland i Framstegspartiet har søkt om fritak for alle politiske verv ut denne perioden. Dersom ho får innvilga søknaden, blir det full kamp om den ledige plassen i formannskapet. Jan-Ove Fromreide, som i fjor braut med Framstegspartiet, er første varamann til formannskapet og krev fast plass.

Gruppeleiar i Framstegspartiet, Roald Steinseide, seier derimot til Kystradioen at det er Framstegspartiet som har denne plassen og avviser Fromreide sitt krav fullstendig. Han syner også til at ut frå kjønnskvoteringskrav må det veljast inn ei kvinne på fast plass i formannskapet. Framstegspartiet vil truleg plukka ut Anne Lauritsen eller Rosa Linn Fosse til denne posisjonen.