Steinar Hystad

— Historien er heilt på grensa av det me kan få folk til å tru, men er heilt sann, seier ekteparet.

I kjellarstova har dei ein moderne omn med store glasflater i luka, utan at den var førstevalet for nærare gransking då fru Benedicte ein morgon steig inn og høyrde ei merkeleg piping. Ein lyd meir av det slaget som kjem når topploket på TV-kanna ikkje er heilt teita. Nokon slik innretning var det ikkje i rommet, heller ikkje anna som kunne gje så kvass lyd og noko gale med det elektriske anlegget var det i alle fall ikkje.

Frå tak til kjellar

Ved besøk i kjellaren seinare på dagen kom lyden igjen, denne gong følgt av skraping og då var merksemda retta mot omnen der eit nebb og ein skremt blikk synte seg i glaset. Alle dører og vindu vart sett på vidt gap, omnsluka opna forsiktig, og ein oskeskiten fugl kunne fyka ut i fridom. Han hadde falle ned pipa, gjennom loftet, andrehøgda, førstehøgda og like til kjellaren.

— Neste dag høyrde me same lyden i stova oppe og skøya litt med kvarandre om at det sikkert var ein fugl i peisen. Men me trudde ikkje særleg på det. Fuglefall gjennom skorsteinen dag etter dag var for rart til å vera sant, tenkte ekteparet Blokhus og byrja sjå seg om etter andre alternativ som støykjelde.

Bjarne har godstolen sin ved peisen og var midt si daglege høgtidsstund med BT då kråkefuglen igjen gjorde merkverdige entre. Kaien formeleg datt ut av spjeldopninga og brått stod han storleg fortumla inni peisen og forsto tydelegvis ingen ting. Blokhus følgde taktikken frå kjellaren. Opna vindu og dører og fjerna gnistfangaren i peisfront og gjorde alt klart for «take off».

Sotmerke i taket

Fuglen starta motoren og sette kursen rett mot Sørås, men gløymde at det var eit stoveglas i mellom og dermed vart det stjernetreff. Kaien summa seg litevetta i vinduskarmen før han igjen tok av og fauk i retning kjøkendøra. Då han oppdaga feilnavigering nummer to i stova, tok han ei bråvending over reolen. Under denne manøveren koma kaien så høgt at han slo sotvengene i taket og sette merke etter seg.

— Men før me fekk tatt opp forhandlingar om vasking var «fuglen fløyet», ut vinduet over spisebordet, fortel Benedicte og Bjarne Blokhus med eit smil.

Soga seier ingenting sikkert om det var same fuglen som to dagar på rad overvurderte eigen balanseevne og hadde hell i sitt pipenedfall.

KRÅKEFUGLEN datt ned pipa og "rulla" sidan ut spjeldopninga i peisen og slo svarte sotvenger før han fauk i fridomen, peikar Benedicte Blokhus.
Foto: Steinar Hystad