Første steg er å få Stortinget med på eit unntak frå vernereglane. Regjeringa gjorde fredag framlegg om be Stortinget tillata konsesjonshandsaming av prosjektet.

Stortinget må seia ja ein gong til, etter konsesjonshandsaminga, dersom det skal bli utbygging.

Kan rasa på fjorden

Problemet i fjellpartiet Stampa like utanfor Flåm i Aurlandsfjorden er ein svær fjellsprekk som stadig utvidar seg. Får forvitringa utvikla seg, kan eit stort flak av fjellet losna og rasa på fjorden.

Flodbylja kan i verste fall bli 60 meter høg og skylla over nesten all busetnad.

Det planlagde mottiltaket er å drenera vatn ut av området, og redusera grunnvassnivået og vasstrykket i fjellsprekken. Vatnet som vert leia bort, kan førast til magasinet i Viddalsvatnet og auka årsproduksjonen i kraftstasjonane i Aurland med 60 GWh.

Ja til Gudmeelva

Aurland kommune og E-Co Vannkraft (tidlegare Oslo Lysverker) har klekkja ut planen saman med geologisk ekspertise.

Regjeringa går inn for konsesjonshandsaming, trass i at vatn vert ført bort frå Gudmeelva, som er ei sideelv til Flåmselva, og dermed verna i Verneplan III.

Kommunen og kraftutbyggjaren har også gjort framlegg om å nytta vatn frå Vindedalselva til kraftproduksjon, men her seier Regjeringa nei. Fordelen med mindre flaumar i Flåmselva veg ikkje opp for ulempene med eit slikt inngrep, meiner departementet.