• GLØDEN: Ina Christin Løvseth (22) tek ein prøve av flytande Silisium på smelteverket i Svelgen. Metallet held ein temperatur på mellom 1400 og 1600 grader når det vert tappa frå botnen av den tre etasjar høge omnen. FOTO: Anja Fanebust

Kraftrikdommen kan knekkje Bremanger

Vegen mot fornybarmålet i 2020 trugar med å drukne kraftkrevjande industri og vestlandsbygder. Elkems smelteverk i Svelgen kan få 66 millionar kronar meir i nettleige fordi myndigheitene ønskjer fleire vindmøller og vasskraftverk.