På møtet i Hardangerrådet i morgon reiser ordførarane i Ulvik og Granvin krav om å erstatta den omstridde kraftlina gjennom Hardanger, med ei line via Mauranger.

— Vil de kasta søpla over på naboen?

— Slett ikkje. I den grad det er snakk om søppel, så er ho der frå før, seier ordførar Jon Olav Heggseth i Ulvik til Bergens Tidende.

Den alternative planen er å føra krafta til Samnanger frå Tyssedal i staden for Simadal. Den kan førast i tunnel, anten i noverande vegtunnel eller i ny kabeltunnel, under Folgefonna. Derifrå kan eksisterande 320 kV kraftline opprustast til 420 kV. Løysinga er ikkje ny, og ho er ynskt av industrien i Odda. Dei vil ha ei alternativ straumtilførsle i tilfelle noverande skulle falla ut, opplyser Granvin-ordførar Olav Seim.

— Vi vil nødig bli sitjande med Svarteper. Difor lanserer vi også denne løysinga før høyringsfristen og ber at Hardangerrådet legga si tyngd bak, seier Heggseth.

Må løfta debatten

— Debatten om meir bruk av dei dyrare løysingane med jordkabel, sjøkabel og tunnelar høyrer heime på det rikspolitiske planet, meiner leiaren i Stortinget sin energi- og miljøkomite, Gunnar Kvassheim.

Han sakna politisk vilje til å senka terskelen for å ta i bruk alternativ til luftspenn når ulempene for miljøet er store. Kvassheim hevdar at alternative løysingar bør veljast på fleire av dei store kraftlinene som no er under utgreiing, i alle fall på deler av strekningane, sjølv om det blir dyrare. Elles kan store verdiar gå tapt.

— Lina gjennom Hardanger kvalifiserer til kabling innanfor signala Stortinget har gitt, men ikkje innanfor den prakisen som er etablert. Difor bør det etablerast nye retningsliner som NVE kan halda seg til.

Kvassheim ser ingen grunn til at lokalsamfunnet skal bera alle kostnadane i form av høgare nettleige. I Europa er det stor betalingsvilje for norsk energi. Inntekter herifrå kan vegast opp mot kostnader med gode miljøløysingar.

Han er ikkje imponert over det trykket lokalpolitikarane øver på partia sine sentralt.

Protest

Hardingane er slett ikkje dei første som har protestert mot kraftliner i luftspenn. Alt i 1946 tok 30.000 til gatene i Oslo i protest mot kraftline til byen frå Østfold.

På den andre sida gjekk Naturvernforbundet inn for storstilt linebygging for å unngå kraftutbygginga i Altavassdraget, fortel forskar Yngve Nilsen ved Handelshøyskolen BI.

Arne Hofseth