Til hausten er Vegstellet i gang med den mykje omtalte Aga-parsellen på riksvegen mellom Utne og Odda. For å skjerma kulturminnet Agatunet, blir vegen lagt i tunnel forbi dei 30 freda bygningane.

Kabel i ny tunnel

— Det hadde vore fint om vi samstundes kunne bli kvitt dei skjemmande kraftlinene som øydelegg opplevingane og kjem med på alle bilete, seier dagleg leiar i Stiftelsen Agatunet, Guttorm A. Rogdaberg, til Bergens Tidende.

Stiftinga har i brev til Indre Hardanger kraftlag gjort framlegg om at høgspentlina vert lagt i kabel gjennom den nye tunnelen som er under detaljplanlegging. Kraftlaget er positivt til tanken, men vil ikkje ta kostnaden. Agatunet må skaffa det meste sjølv.

— Nye retningsliner frå desember i fjor avgrensar vårt bidrag til maksimalt 25.000 kroner, opplyser kraftlagssjef Harald Sandvik til Bergens Tidende.

— I dag ville det vore rekna som miljøkriminalitet å strekka kraftliner nær eit kulturminne som dette. Gjeld avgrensinga på 25.000 kroner også ved oppretting av gamle synder?

Spleiselag

— Vi ville sjølvsagt ikkje ha plassert ei kraftline slik i dag, men den gongen ho vart bygt, var slike løysingar vanleg. Eg føler ikkje at vi har plikter utover det ordinære. Teknisk fungerer dagens løysing godt, seier Sandvik.

Indre Hardanger kraftlag må flytta på ein stolpe ved kvar av tunnelinnslaga, men dette arbeidet må Vegstellet betala for. Skal det leggast kabel i tunnelen, kjem ein forbi ein transformator, som dermed bør flyttast, og lågspentnettet må byggjast om. Totalt vil kostnadene passera ein halv million kroner.

— Er det ikkje teknisk mogeleg å legga kabelen til eksisterande transformator?

— Vi har rett og slett ikkje planlagt dette i detalj. Slikt må vi koma attende til dersom vi får signal om at nokon er med på eit spleiselag, seier Sandvik.

Men der har Rogdaberg eit problem. Agatunet har ikkje pengar utover det som sårt trengst til drifta. Fungerande fylkeskultursjef Ronny Skaar har skrive brev der fjerning av høgspentlina vert varmt tilrådd, men det følgjer ikkje pengar med.

Verre før

Trøysta må vera at det såg enda verre ut før. På 1970-talet samarbeidde Stiftelsen Agatunet og Indre Hardanger Kraftlag om å fjerna kraftliner inne i tunet for å gjera det meir attraktivt. Men høgspentlina på 24.000 volt oppe i berget rett bak tunet, står der framleis. Ho er særleg skjemmande for dei som går stiane opp på Tveiteberget for å oppleva tunet i fugleperspektiv. Guttorm Rogdaberg melder om aukande interesse for terrenget bak tunet, der moderne teknologi, i form av imponerande rasvern, set kulturhistoria i perspektiv.

SKJEMMANDE: Stiftinga Agatunet vil ha bort høgspentlina på 24 kV frå Tveiteberget bak tunet, men manglar pengar til kabel gjennom tunnelen som skal fjerna biltrafikken.<br/>Foto: ARNE HOFSETH