— Produksjonssjefen sat med handa på brytaren for å slå av C-hallen, opplyste kjemiskleiar Billy Fredagsvik på gårsdagens opne møte med Jens Stoltenberg i Høyanger.

Då straumprisane var på sitt høgaste sist vinter, og rasjonering berre var nokre kilowatt unna, blei det fleire gonger spekulert i at aluminiumindustrien på Vestlandet kunne bli stoppa. I går kom stadfestinga på at dette var meir reelt enn dei fleste ante. Hydro vurderte seriøst å fase ut produksjon.

Dei rekordhøge kraftprisane, og faren for liknande tilstandar kommande vinter, fekk ein sentral plass i debatten etter Stoltenbergs innlegg. Ein kraftmarknad fullstendig ute av kontroll, blei kopla opp mot at energiverka i sommar har eksportert store kraftmengder samstundes med at magasinfyllingane er på eit historisk lågmål.

Fleire ville vite kva medisin Stoltenberg ville føreskrive, men Ap-leiaren unngjekk å svare konkret på kortsiktige tiltak. Hans hovudpoeng var at det blir produsert for lite kraft i landet, og nok ein gong tok han til orde for å satse på gasskraftverk.

— Då eg gjekk til skulen lærte eg at Noreg var eit land, med fjordar, fjell, djupe dalar og rikeleg med tilgang på billeg vasskraft. Slik er det ikkje lenger. Vi har ikkje rikeleg med vasskraft, og sist vinter var den ikkje særleg billeg heller. Det må vi gjere noko med, understreka Stoltenberg.