Den lokale kraftleverandøren i Fusa var i det rause hjørnet i romjula og delte ut stipend til fire talentfulle ungdomar i romjula på tilsaman kr 100.000,-. Fusa kraftlag gjev med dette ut like gode stipend som Hordaland fylkeskommune, så er også Fusa for eige kongerike å rekna!

Dei fire ungdomsstipenda for 2007, kvar på kr 25.000,-, gjekk til Kine Tonning, Hans-André Skåtun, Anette Berlandstveit og Erik-Sebastian Krogvig.

Kine Tonning er med sine 16 år eit stort fotballtalent med fortid i Eikelandsfjorden IL og Os turn. Kine har har også fleire landskampar frå aldersbestemte lag. Ho er til dagen elev ved toppidrettsgymnaset i Åsane og skal vera på veg over til Sandviken sitt seniorlag.

Hans André Skåtun representerer Fusa karateklubb og er på landslaget i karateforma shotokan med NM-gull i sin aldersklasse tre år på rad. Hans André er berre 15 år, men har alt oppnådd mykje med deltaking i VM i Australia og EM i baltikum som to store høgdepunkt.

Anette Berlanstveit (19) Erik-Sebastian Krogvig (20) er aktive i Fusa sin "nasjonalidrett" skiskyting og går for Hålandsdal IL. Dei kjempar begge i noregstoppen i den eldste kuniorklassen. Begge er også med på kretslaget Team Statkraft Hordaland.

Under den høgtidlege stipendutdelinga på Eikehaugen Gaard fredag 28. desember fekk dei fire ungdomane også med seg gode råd frå eks-skiskyttar Ann-Elen Skjelbreid. Ho hadde eit inspirerande innlegg der ho delte av sine erfaringar som toppidrettsutøvar gjennom ein lang og innhaldsrik karriere. Kva krevst for å nå toppen. Det er berre ein medisin i følge Ann-Elen: hardt og tålmodig arbeid.

Erik Vangsnes
Erik Vangsnes