I 2000 var den samla veksten på Nordhordlandsbrua nede i 1,9 prosent, som er den lågaste sidan brua vart opna i 1994. Men trafikken tok seg oppatt i 4. kvartal i fjor, og tala frå januar forsterkar denne tendensen, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Nordhordlandsbrua har no ei restgjeld på 500 millionar kroner, og brua vil venteleg vera nedbetalt seint i 2005 eller tidleg i 2006.