Arbeidarpartiet og SV i Bergen bystyre ber si eiga regjering, ved barne— og likestillingsminister Anniken Huitfeldt, vurdera Styve gard på nytt. Styve gard, ein barnevernsinstitusjon på Evanger, står etter anbodskonkurranse att med berre tre av 14 plassar til unge rusmisbrukarar.

Eit ope brev om dette vart i går sendt av Oddny Miljeteig, leiar i komité for sosiale saker, og Hallgeir Utne Hatlevik, Ap, som er nestleiar i komiteen.

Hatlevik og Miljeteig brukar kraftige formuleringar i brevet.

  • Vi har ingen sans for at barnevernsungdom skal vera handelsvare, og vi kan ikkje skjøna at anbod i barnevernet er i tråd med raud-grøn politikk, skriv dei to.

Halvering på Garnes

  • Strålande. Så flott, seier stortingsrepresentant Laila Dåvøy, KrF, om reaksjonen frå Miljeteig og Hatlevik.

Oppslaget om Styve gard stod i BT i går. No syner det seg at Garnes Ungdomssenter også er ille ute.

— Å nei, ikkje dei også! kjem det frå SVs Oddny Miljeteig.

Styrar Arvid Møll opplyser til BT at Garnes Ungdomssenter også har kome dårleg ut i anbodskonkurransen.

— Vi har 12 plassar for ungdom i alderen 13 til 20 år, og 35 tilsette. No står vi att med seks plassar og må halvera talet på tilsette. Men det er viktig å få sagt at ingen berre vert sett på gata. Vi har eit etisk ansvar for å finna gode overgangsordningar for dei ungdommane som vi ikkje har plass til lenger. Slik vi ser det, kan ingen av dei bu heime, og vi veit ikkje kva slags tiltaksappparat som står klart til å ta i mot dei, seier Arvid Møll.

Spørsmål til statsråden

  • Dette er ille. Heilt fortvilande. Vi kan ikkje tillata at ungdommar med lokal tilknyting kanskje må flytta langt bort og missa kontakten med familie og vener, seier Laila Dåvøy, som sjølv var barne- og familieminister i Bondevik II-regjeringa frå 2001 til 2005.

I går sende Dåvøy brev med spørsmål om saka til barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

På same måte som Styve gard har Garnes Ungdomssenter driftsavtale med staten gjennom Barne-, ungdoms og familieetaten, region vest. Ungdomssenteret er eigd av Bergen Diakonissehjem.

Ut med dei ideelle

Styreleiar for Garnes Ungdomssenter, Terje Steen Edvardsen, opplever at ideelle institusjonar er i ferd med å fasast ut av det offentlege barnevernet.

— Noreg ligg langt framme når det gjeld fine ord om ideelle institusjonar sin plass i offentleg omsorg. Men når vi kjem til praksis, ligg vi på botn, seier Edvardsen.

Han legg til at Garnes Ungdomssenter så seint som i går fekk spørsmål frå Barne-, ungdoms- og familieetaten i Bergen om å ta i mot fleire ungdommar.

— Og det var berre eit par dagar etter at vi hadde tapt anbodskonkurransen. Det seier litt om behovet for plassar, seier Terje Steen Edvardsen.

Rune Nielsen