– Politiet hadde ein teori og trekte konklusjonar alt før etterforskninga kom i gong, sa den tiltalte 62-åringen sin forsvarar, advokat Nina Monssen då saka blei avslutta i Sunnhordland tingrett i går.

Monssen sikta til pressedekning basert på politiopplysningar straks etter pågripinga av dei tre austevollingane, informasjon som ho meiner spreidde ei forutinntatt haldning til dei seinare tiltalte mennene. Særleg gjaldt det hennar klient, som ifølgje politiet fekk sonen (27) og hans kamerat (20) til å dra til Halsnøy for å «ta» Asbjørn Hvidevold (60) 18. oktober i fjor.

14, 6 og 4 års fengsel

Aktor, statsadvokat Benedicte Hordnes la i sin prosedyre ned påstand om høvesvis 14, 6 og 4 års fengsel for den hovudtiltalte 27-åringen, faren (62) og 20-åringen.

27-åringen skal ifølgje Hordnes dømmast for drap under særs skjerpande omstende, 20-åringen for medverknad til drap under særs skjerpande omstende. Utan 62-åringen hadde det ikkje skjedd drap på Halsnøy, sa aktor. Han var oppdragsgjevar, han brukte sonen og ein medgjerleg kamerat av han, og avviste seinare å stå opp for guten sin, sa Hordnes.

Sjølve valdshandlinga som 27-åringen utførte i offeret sin heim, var så vilja, så grufull og varte så lenge at retten bør vurdera å straffa mannen for overlagt drap i staden for forsettleg drap slik tiltalen lyder, sa Hordnes.

Forbrigd vs Hordnes

Partane hadde totalt ulike versjonar av kva rolle dei tiltalte spelte i drapssaka. Advokat Karen Forbrigd kravde frifinning etter tiltalen for sin klient, 27-åringen.

Ho meiner at han ikkje la ut på kriminelt oppdrag, slaga mot Hvidevold var resultat av ein «demning som brast» etter eit provoserande utsegn frå Hvidevold.

– Spørsmålet er om han ikkje hadde innsnevra medvit i gjerningsaugneblinken. Det er synd at dette ikkje er utgreidd, sa Forbrigd.

Ho sa at aktor fuska med fakta i saka, og la til at 27-åringen ikkje kunne førestilla seg at Hvidevold kunne døy av skadene, at han seinare har vist djup og ekte anger.

Aktor Hordnes framstilte 27-åringen si handling som særs gru— og smertefull, han burde skjøna at Hvidevold kunne døy av skadene, han har dessutan vist lite teikn til anger etterpå, ifølgje aktor.

Drevland vs Hordnes

Advokat Odd Drevland kravde frifinning for drapsmedverknadtiltalen for sin klient, 20-åringen.

– Han burde vore forskåna for ein slik tiltale, som er eit overgrep mot ein ungdom med ei avgrensa intellektuell utrustning. Påtalemakta har vist lite skjønsemd, sa Drevland.

– Alle har skildra han som ein snill og god person, påtalemakta har sagt at han heile tida har gitt ei truverdig forklaring. Med si utrustning var han ikkje i stand til å gripa aktivt inn for å stoppa den massive, brutale valden som skjedde veldig fort. Han var livredd og hadde ei tilskodarrolle, sa Odd Drevland.

Aktor Hordnes vedgjekk at 20-åringen blei lurt inn i hendinga på Halsnøy, men påpeikte at han hadde plikt til å gripa inn mot valden som kameraten utførte. Han var tilrekneleg, men i staden for å gripa inn hjelpte han 27-åringen med slagvåpen og teip, sa Hordnes.

Monssen vs Hordnes

62-åringen sin forsvarar, Nina Monssen vedgjekk at klienten brukte sterke ord, og at han var oppteken av å finna ut om Hvidevold hadde medansvar for at ei felles venninne drukna i 2003.

– Det er likevel ingen ting som tyder på at han var klar over at sonen og kameraten skulle til Halsnøy og føremålet med turen, sa advokat Monssen.

– Den kraftige ordbruken skjedde heilt ope og i andre sitt påhøyr. Han hadde ikkje sagt slik visst tanken var å gjera alvor av det han sa, sa Monssen.

Ifølgje aktor Hordnes hadde 62-åringen ei lite truverdig forklaring, han verna seg sjølv til ulempe for sonen, og nærte eit intenst hat til Asbjørn Hvidevold. Det er tilstrekkeleg bevist at 62-åringen var oppdragsgjevar for Halsnøy-turen, sa Benedicte Hordnes.

STRID I RETTEN: Aktor, Benedicte Hordnes (til h.) la ned påstand om 14, 6 og 4 års fengsel for dei tiltalte. Her med forsvarar for den hovudtiltalte 62-åringen, Nina Monssen.ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ
Deisz Orjan