Eksplosjonane kom etter at fire kraftige vaierar rauk og sende ei formpakke på omlag 60 tonn til botn i den store støypetanken, skriv Sogn Avis.

Støyperisjef Hanne Hoel Pedersen seier til Sogn Avis at dei enno ikkje veit kvifor desse vaierane rauk. Ho reknar med at Tya skal vera i drift att tysdag.

— Arbeidet med å få ting på plass att, ser ut til å gå veldig bra. Slik det ser ut no, vil me difor vera i drift att tysdag.

Slike uhell har ikkje skjedd i Tya tidlegare. Det er no sett ned ein skadekomite for å få kartlagt årsaka til uhellet, skriv Sogn Avis.