Det var stor forvirring då retten skulle setjast i sal 4D i Midhordland tingrett etter lunsj i går.

Dommar Gunnar Rode Torvund trudde han skulle høyre forklaringa til politimannen som hadde leia etterforskinga mot den 44 år game læraren som sat tiltala for valdtekt mot ein elev. I staden dukka ein annan politimann opp. Han hadde eit stort raudt merke på halsen.

— Eg vart nettopp angripen av ei dame ute på gangen her. Ho sprøyta meg full av cola og gjekk laus på meg. De ser sjølve korleis eg ser ut, sa politimannen og peikte på den eldraude halsen sin.

Politimannen hadde ingenting med rettssaka i sal 4D å gjere, men hadde venta på å sleppe til som vitne i naborettssalen.

— Ho trudde visst det var eg som skulle vitne her. Det er kanskje best de passar på slik at kollegaen min ikkje får same behandlinga som eg fekk, sa politimannen.

Dommar Torvund bad han kontakte politiet om det som hadde skjedd, og fekk til svar at saka vil bli meldt.

- Forferdeleg press

Kvinna som utløyste basketaket viste seg å vere dotter til den tiltalte 44-åringen. Saman med mora og to søsken sat kvinna, som er i 20-åra, ute på gangen for å støtte den valdtektstiltalte ektemannen og faren.

— Ho snåva og kom i skade for å søle på politimannen. Det var han som gjekk laus på henne. Han var heilt vill og braut armen hennar bakover, sa mora til kvinna etter bataljen.

— Heile familien er under eit forferdeleg psykisk press, la ho til. Dottera var då gått til legevakta med smerter i armen. Brynjar Meling, som forsvarer faren, seier at familien vurderer å melde politimannen for valdsbruk.

— Han har i beste fall oppført seg klønete og amatørmessig, seier Meling.

Gav henne sølvsmykke

Inne i rettssalen forklarte både ei nær venninne og mora til jenta som skal ha blitt valdteken seg om forholdet mellom elev og lærar.

— Han var veldig forelska i henne. Eg fekk sjå tekstmeldingar der han skreiv at ho var lyspunktet hans, at ho var ein sommarfugl, at ho var heile livet hans, sa venninna. Ho var sjølv vitne til at venninna fekk ei angrepille og seinare også ein graviditetstest av læraren etter den påståtte valdtekta i bubilen hans.

Det vart også lagt fram to øyredobbar og eit halssmykke i sølv som klasseforstandaren hadde kjøpt til eleven sin, ei gåve han sjølv ikkje nekta for å ha gitt henne.

DNA-funn på buksa

Også mor til jenta hadde fått vite at læraren var forelska nokre månader før overgrepet skal ha skjedd.

— Eg likte det ikkje, og ville ta det opp med læraren. Men dotter mi bad meg om la vere, fordi ho var redd det skulle gå ut over familien hans, sa mora. Ho visste at dei to hadde kontakt via sms, men var overraska over at det på få veker hadde gått meir enn 500 meldingar mellom dei to.

Det vart funne ein sædflekk på innsida av buksa jenta hadde på seg då ho var med læraren i bubilen. DNA-analyser frå Rettsmedisinsk institutt viser at sædcellene stammar frå den tiltalte læraren.

Sjølv nektar han for å ha hatt samleie med jenta.