Berre sidan nyttår har Fjordane tingrett gitt pasientar medhald i tre søksmål som er reiste mot Pasientskadenemnda (PSN). Samla har dei tre pasientane som gjekk til sak, fått auka erstatningssummen frå staten med nærare tre millionar kroner.

— Eg har ei kjensle av at sakshandsamarane er stridige. I enkelte tilfelle verkar det som om dei forvaltar midlane omtrent som om dei skulle ha kome frå deira eigen lommebok. Dei oppfører seg som eit forsikringsselskap, seier advokat Jon Olav Holvik. Han har ført to av sakene som var framme for Fjordane tingrett.

Nestleiar Rune Skjælaaen (Sp) i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget meiner ordninga no må evaluerast.

— Eitt av dei viktigaste måla med denne ordninga var jo nettopp at menneske som har opplevd feilbehandling, skal sleppe å engasjere advokatar og kjempe seg gjennom rettssaker for å få den erstatninga dei har krav på. Når så mange saker likevel hamnar i rettssystemet, og så mange pasientar vinn fram, fortel det meg at dette er noko vi politikarar må sjå nærare på, seier Skjælaaen.

For tida har Pasientskadenemnda 117 uavslutta saker gåande på ulike nivå i rettssystemet i Noreg.

— I dei fleste rettssakene dreier tvisten seg om utmåling av erstatning, ikkje om ansvar, seier seksjonssjef Hege Solem Markussen i Pasientskadenemnda.

Ho meiner at det ikkje er eit bra teikn at så mange avgjerder i Norsk Pasientskadeerstatning blir endra på eitt eller anna stadium.

— Rett erstatning er vårt fremste mål, men dette kan vere kompliserte saker. Både prognosar, faglege uttalar og rettspraksis kan endre seg undervegs i saksgangen, seier seksjonssjefen.