Det som gjer dette mogleg, er ein samarbeidsavtale mellom tre lokale kraftverk og selskapet Kraftkarane AS. Nyskapinga har fått namnet HardangerAlliansen.

— Alt som skal til er ei elv der fallet let seg utnytta til kraftproduksjon. Vi stiller opp med naudsynt kapital. Vi har og fagkunnskapen som trengst for det tekniske og for forretningsdrifta. Alt grunneigarane treng å stilla opp med, er vilje til å la oss få gjera jobben. Grunneigarane får styringsretten med det einskilde kraftverket, og dei får største delen av fortenesta, seier Magne Storetvedt i Kraftkarane AS til Bergens Tidende.

Dei tre kraftlaga som er med, er Jondal Energi, Kvam Kraftverk og Indre Hardanger Kraftlag. Desse tre kraftlaga eig småkraftverk som til saman produserer om lag 110 millioner kilowattimar i året (110 GWh). Den fyrste tilveksten til dette vert truleg Stølsdalselva i Jondal, som er det fyrste prosjektet Kraftkarane AS får hand om i Hardanger. Produksjonen er rekna til 23 GWh i eit normalår.

Fleire bein å stå på

— I Stølsdalselva vann vi fram hjå grunneigarane i konkurranse med Jondal Energi. Men det var også i Jondal tanken kom opp om eit samarbeid mellom oss og dei lokale kraftselskapa. Dei har nemleg stor røynsle med bygging og drift av mindre kraftverk, seier Magne Storetvedt.

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Leiv Vambheim, har stor sans for dette samarbeidet.

— Hardangerregionen er truga av fråflytting. Samstundes veit vi at eit velstelt kulturlandskap er grunnlaget for reiselivet i Hardanger. Men då treng næringslivet i regionen fleire bein å stå på, og kraftproduksjon kan vera ein del av dette, seier Leiv Vambheim.

Låg grense for sertifikat

Men det er ikke berre å gå i gang. Førebels ser det ut til at rammevilkåra for småkraftverk ikkje er dei beste. Det handlar om el-sertifikat, som er avgjerande for om kraftproduksjonen kan nyta godt av stønad.

— I regjeringserklæringa frå Soria Moria står det at det skal innførast ordning med el-sertifikat for kraftverk under 1 MW. Med ei så låg grense, er det ei stor utfordring å få til lønsemd i større småkraftverk, seier Magne Storetvedt. Han viser til at NVE reknar alt under 10 MW som småkraftverk når dei reknar ut kor mykje slike kraftverk kan bidra med til den nasjonale straumproduksjonen. NVE har sett seg som mål at 5 TWh skal byggjast ut som småkraftverk dei neste 10 åra. Det er 5 milliardar kilowattimar.

— Det er underleg at det skal vera så strengt for småkraftverk, samstundes som regjeringa går tungt inn i bygging av gasskraftverk. Her ligg det ei utfordring for Senterpartiet, som har olje- og energiministeren, seier Magne Storetvedt.