— Ein lastebil frå Felleskjøpet har køyrt i grøfta i ein sving på Humlebrekke på E16 mellom Voss og Vinje. Bilen var på veg i retning Vinje, seier politiførstebetjent Øystein Aldal i Utrykningspolitiet, som er på staden.

Ulykka skjedde i formiddagstimane i dag. Ulykkessvingen ligg rundt tre kilometer frå Vinje.

Politiet er på staden og dirigerer trafikken.

— Sannsynlegvis kan vegen opnast igjen innan ein halvtime, seier Aldal.

Møtande vogntog

Føraren av bilen seier til bt.no at han hamna i grøfta då det kom eit vogntog imot.

— Vogntoget låg langt over på mi side, og eg var nøydd til å køyra godt ut mot kanten. Men der var det ei svær grøft, og då var det gjort, seier føraren, som vil vera anonym.

bt.no sin reporter på staden fortel at det er store bremsespor omtrent midt i vegen på ulykkesstaden.

Ingen kom til skade i lastebilvelten.

Sjåføren av vogntoget som kom imot skal ha køyrt vidare utan å stoppa. Politiet vil gjerne koma i kontakt med sjåføren.

Mjølkebil og brannbil

Også tidlegare har det velta bilar på staden. 16. mai i fjor velta ein mjølkebil her, og ein brannbil skal også ha hamna i grøfta i same sving.

— Vegen blir smalare akkurat her, og grøfta er stor. Sjølv om andre bilar har velta her, har vegvesenet tydelegvis ikkje gjort utbetringar. Grøfta bør fyllast med stein for å unngå at det skjer igjen, seier føraren.

I GRØFTA: Kraftfôrbilen skal ha hamna i grøfta då det kom eit vogntog imot.
ARNE HOFSETH
KRAFTFÔR: Bilen frå Felleskjøpet frakta kraftfôr. Det gjekk hol på tanken i velten.
ARNE HOFSETH
BREMSESPOR: Det er store bremsespor i vegbana, i begge køyreretningar.
ARNE HOFSETH