Departementet meiner slik erstatning er OK. Juridiske ekspertar karakteriserer det derimot som tvilsamt. Og rådmannen i sognekommunen er så i tvil at han vil søkje råd, før han vil leggje saka fram for dei folkevalde i kommunen.

— Eg opplever denne saka som problematisk. Det er noko med å kjøpe seg rett til arealbruk som andre ikkje har høve til, seier Solund-rådmann Rolf Bjarne Sund.

10 millionar i året

I Ytre Sula planlegg Vestavind å byggje inntil 75 vindmøller. Det skal byggjast veg fram til kvar einaste vindturbin, nytt kaianlegg, område på storleik med ei handballbane skal planerast ved kvar mølle og det leggjast nye kraftleidningar for å føre energien ut av kommunen.

Vindindustriområdet vil bandleggje store delar av øya. Naturvernarar meiner det er snakk om eit alvorleg inngrep i ein unik kystnatur som vil gjere uboteleg skade. Selskapet Vestavind argumenterer tvert om med at utbygginga kan vere med på å tilretteleggje for meir bruk av naturen. Dette har skjedd på Smøla i Møre og Romsdal, øya som i dag har det største vindkraftanlegget i landet.

Vestavind tilbyr kommunen ein årleg kompensasjon på 10 millionar kroner. Erstatninga skal betalast kvart einaste år i konsesjonsperioden på 25 år. For Solund vil altså eit vindkraftverk i Ytre Sula vere verdt 250 millionar.

Skeptisk

Tilbodet om kompensasjon er aldri framsett skriftleg, men Vestavind-direktør Håkon Sandvik stadfestar at dei har gitt det munnleg i samband med ei orientering om planane.

— Vi har illustrert kva ei utbygging vil kunne ha å bety for kommunen, seier Sandvik.

Ei årleg erstatning på 10 millionar er ikkje lommerusk for den vesle øykommune ytst i Sognefjorden. Det utgjer ein femdel av heile driftsbudsjettet til Solund kommune. Likevel er altså både den administrative og politiske leiinga i kommunen skeptiske.

— Før eg legg ei sak om dette fram for kommunestyret, vil eg ta det opp med Fylkesmannen, seier Sund.

— Opplever du tilbodet om kompensasjon som eit forsøk på smøring?

— Nei. Vestavind har framført tilbodet ope og greitt, så ein slik karakteristikk blir feil. Men som prinsipp tykkjer eg dette er verdt ein grundig diskusjon, seier rådmannen.

Ordføraren Gunn Åmdal Mongstad har tidlegare gitt uttrykk for at ho syns planane i Solund er for omfattande.

Ja frå departementet

Kommunal- og regionaldepartementet meiner slik kompensasjon er innanfor lova. Etter mykje fram og tilbake gav departementet for to år sidan vindkraftselskapet Havgul medhald i at tilsvarande avtalar med to kystkommunar i Møre og Romsdal var gyldige. Dette skjedde etter at Næringslivets Kystaksjon hadde teke opp saka.

Departementet fann likevel grunn til å understreke at vurderinga berre gjeld i forhold til reglane om utbyggingsavtaler.

— Departementet har ikkje vurdert avtalane i forhold til eventuelle andre juridiske grenser som måtte gjelde, skreiv statssekretær Guri Størvold den gongen.

Men Kommunaldepartementet har tolka lovverk før. Den meste kjende feiltolkinga er det vidgjetne «Vikbrevet». Her gav departementet i praksis grønt lys for at Vik kunne spekulere med dei framtidige kraftinntektene sine. Brevet blei seinare brukt av andre kommunar til å gjere det same. Resultatet blei Terra-skandalen.

Og juridiske ekspertar stiller spørsmål ved også denne lovtolkinga frå departementet.

— Tildeling av konsesjon skal skje på eit sakleg grunnlag. «Sal» av konsesjonar med forhandla kompensasjon utover kostnadene med konsesjonshandsaminga, vil neppe vere lovleg. Det vil vere lovstridig konsesjonshandtering, seier jusprofessor Kai Krüger ved Universitetet i Bergen.