Dette er klart etter at lokallaga i fylket har kome med sine første innspel med framlegg til ny stortingsliste.

Knut Arild Hareide (Bømlo) og Laila Dåvøy (Bergen) siglar opp. Men dei kan ikkje rokke tetplassen til Ingebrigt Sørfonn (Fitjar).

Stort sprik

Basert på desse framlegga vil Sørfonn få førsteplassen medan Hareide og Dåvøy kjempar om dei to neste plassane. KrF har i dag tre representantar frå Hordaland, men ville ikkje fått meir enn to med dagens galluptal.

Sørfonn har fått 21 førsteplassar, Hareide har fått fire. Både Dåvøy, Ljones og Sæle har fått to førsteplassar. Men Dåvøy har klart flest andreplassar.

13 lokallag har plassert Dåvøy på andreplass, ni vil gje Sæle denne plassen. Sørfonn og Ljones har fått to andreplassar. Det same har Torill S. Nyborg og Lisbeth Iversen. Eitt lag vil ha Hareide på denne plassen.

13 lokallag vil gje tredjeplassen til Hareide. Seks har plassert Ljones på denne plassen medan fem vil ha Sørfonn.

12 lag vil ha Toril Nyborg på fjerdeplass.

Hareide styrka

Eit viktig poeng er at framlegga er sendt inn i mai, og altså lenge før ommøbleringa i regjeringa som gav Hareide ein statsrådspost. Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at dette er eit moment som vil vere til klar fordel for Hareide i den vidare nominasjonsprosessen.

Eit anna poeng er at partileiar Dagfinn Høybråten i går klart gav uttrykk for at han ynskjer at nestleiarane, i tillegg til han sjølv, får plass på Stortinget.

33 av 36 lokallag hadde sendt inn namneframlegg innan fristen 1. juni i det som blir kalla første runde i nominasjonsprosessen.

— Det er i hovudsak styra i lokallaga, eventuelt saman med gruppestyra i kommunestyra som har behandla framlegga. I september skal lokallaga behandle og kome med innstilling gjennom vedtak på medlemsmøte. Nominasjonsmøtet skal haldast 13. november, opplyser fylkessekretær Kari Sørheim, til Bergens Tidende.

<b>PÅ VEG UT?</b> Stortingsrepresentantane Ingmar Ljones og Anita Apelthun Sæle kan koma til å missa topp-plassane på KrF-lista i Hordaland.
Arkiv