OLAV GARVIK

Tungesvik, som no er leiar i Etne KrF, er ikkje i tvil om at barne— og familieminister Laila Dåvøy bør få andreplassen på KrF-lista. Partiet skal ha nominasjonsmøte komande laurdag.

— Dåvøy står hundre prosent på Kristeleg Folkeparti sitt program, seier han.

Den tidlegare stortingsrepresentanten frå Skånevik reagerer på fleire utsegner frå Anita Apelthun Sæle som i desse dagar kjempar sitt livs kamp for å få endå ein periode på Stortinget.

Ho har i fleire intervju den siste veka, m.a. i Bergens Tidende, fremja påstandar i samband med den komande nominasjonen som han meiner ho ikkje har dekning for. Derfor ber han om å få korrigera det ho har målbore så sterkt:

Ikkje «linjeskifte»

— Det er for det første heilt feil å seia at det betyr eit «linjeskifte», ja, eit politisk vegval for KrF dersom partiet lar vera å nominera Apelthun Sæle og Karl Johan Hallaråker. Ein slik påstand er det inga dekning for, ettersom alle kandidatane på nominasjonsnemnda sitt listeforslag er forplikta på KrF-programmet.

Når ho for det andre påstår at ho er ein «moralsk vinnar» etter prøvenominasjonen i lokallaga, er det misvisande. Her i Etne til dels, måtte vi til slutt ha loddtrekking, fordi stillinga var 10-10, og då vann tilfeldigvis Anita Apelthun Sæle. Det er bakgrunnen for at mitt lag sette henne som nummer to på lista, etter Sørfonn, seier Tungesvik.

- Nedvurdering

— Gir det ikkje eit feil signal med tanke på Israel-spørsmålet å la vera å nominera Apelthun Sæle?

— Nei, slett ikkje, for dei andre kandidatane står på trygg KrF-grunn i dette spørsmålet. Men dei formulerer seg på ein annan måte enn henne. Det vil og vera ein fordel for KrF om andre personar formulerer haldninga både til Israel, EU og fråhaldsspørsmålet enn henne. Å antyda at ikkje viktige KrF-saker blir ivaretekne, er å nedvurdera dei andre kandidatane, meiner han.

Etter at Anita Apelthun Sæle no har site på Stortinget i tolv år, kan det også av den grunn vera sunt med eit skifte, slik Tungesvik ser det. I 1993, då Britt Harkestad hadde to periodar bak seg på Løvebakken, hugsar han godt at Apelthun Sæle sjølv stod fram og sa at «no er det min tur.»

Svekt posisjon

Tungesvik seier elles at det er ein uheldig debatt som har oppstått etter at nominasjonsnemnda la fram si innstilling:

— Anita Apelthun Sæle har ikkje akkurat styrka sin posisjon med den måten ho har uttalt seg på, legg han til.

Tungesvik har også ei lita «helsing» til leiaren i Levende Ord som har åtvara mot å vraka Apelthun Sæle:

— Når Enevald Flåten i intervju med BT ymtar om at det kan bli veljarflukt til Frp dersom ikkje Anita Apelthun Sæle blir renominert, må ein spørja kva desse veljarane meiner om alkoholpolitikk, uhjelp og hjelp til flyktningar og asylsøkjarar, seier han.

- FORDEL: - Det vil vera ein fordel for KrF om andre personar formulerer haldninga både til Israel, EU og fråhaldsspørsmålet enn Anita Apelthun Sæle, meiner KrF-veteranen Hans Olav Tungesvik.