I ei partimåling Opinion har gjort for Bergens Tidende får KrF berre 9,7 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane. Samanlikna med resultatet frå stortingsvalet for eitt år sidan er partiet nes-ten halvert.

— Held denne utviklinga fram må vi drøfte regjeringssamarbeidet, meiner fylkesleiar Tryggve Lillestøl.

Også i forhold til målinga Bergens Tidende gjorde i vår, går partiet sterkt tilbake. Dersom Opinion-barometeret gjev eit rett bilde av det politiske landskapet i fylket, konkurrerer ikkje partiet som har statsministeren ein gong om sistemandatet i fylket.

Lite parti i regjering

Også på riksplan har KrF gått tilbake siste månadene, og Lillestøl meiner dei no får svi for å vere eit lite parti i regjering.

— Folk ser ikkje att dei store linjene i vår politikk. Vi har ikkje vore flinke nok til å få fram dei sakene vi har gått gjennomslag for.

— Bør KrF revurdere regjeringssamarbeidet?

— Det meiner eg vi må gjere kontinuerleg. Vi har tatt eit ansvar for å styre landet. Men dersom veljarane signaliserer at dette ikkje er retninga vi bør gå, må partiet drøfte om samarbeidet er liv laga for oss.

— Kvar går smertegrensa?

— Det veit eg ikkje. Men eg trur reaksjonane på regjeringas framlegg til statsbudsjett vil gje ein peikepinn.

Også i Hordaland går partiet tilbake, men veljarsvikten er mindre dramatisk enn andre målin-gar har vist. Fylkesleiar Torill Selsvold Nyborg ønskjer seg likevel ikkje ut av regjeringskor-ridorane:

— Vi må jobbe for å få meir sentrumsprofil på regjeringa. Eg ser ikkje andre alternativ for KrF no. Men Høgre må dempe råkøyret mot kommunar og fylkeskommunar. Elles kan dette gå verkeleg gale, seier ho til BT.