For ein månad sidan sikra byrådspartiet KrF fleirtal i kontrollkomiteen for eit vedtak som i røynda innebar mistillit mot byrådsleiar Monica Mæland. Hadde vedtaket fått fleirtal i bystyret ville det truleg ha felt byrådet.

Saka gjeld Storetveitåsen, som bystyret vedtok å gjere til friområde i 1997. Kommunerevisjonen meiner byrådsleiar Mæland braut med intensjonen i bystyrevedtaket, då ho stoppa eksproprieringa av Storetveitåsen etter valet i 2003.

Dette støtta KrF sin representant i kontrollkomiteen, men det vil ikkje KrF gjere når saka kjem til bystyret.

— For det første respekterer eg at vår representant i kontrollutvalet jobba på sjølvstendig basis utan å konferere med den røyndomsforståinga partileiinga hadde. Det var heilt korrekt, seier gruppeleiar og varaordførar Kristian Helland (KrF).

Når saka kjem opp i Komite for miljø og byutvikling i dag, vil Helland kome med eit heilt anna forslag.

  • Vi vil foreslå at Komite for miljø og byutvikling tek saka til orientering, og at vi kan ikkje sjå at byrådet har handla ukorrekt i denne saka, siterar Helland frå kladden til forslaget.

— Kan de sjå at byrådsleiaren, om ikkje byrådet, har handla ukorrekt?

— Vi diskuterer først og fremst korleis byrådet har forholt seg til bystyrevedtaket.

— Men byrådet har ikkje gjort noko vedtak. Mæland avgjorde dette sjølv?

  • Ja, men byrådsleiaren opptrer på vegner av byrådet, seier Helland.

Han seier han har respekt for kommunerevisjonen, men KrF er altså usamd i konklusjonen.

Han meiner det ikkje er brot på det parlamentariske styringssystemet at vedtak av eit tidlegare bystyre/byråd ikkje blir oppheva gjennom eit formelt vedtak.

— Det er først og fremst eit problem innanfor byrådet, viss det er tilfelle, seier han.