Sogn og Fjordane KrF er denne helga samla til fylkesrådsmøte. Deinyttar høvet til å sende ei melding til statsministr Jens Stoltenberg.

Fylkesårsmøtet har vedteke denne fråsegna:

«Vi i kommunane tek ansvaret for helsa til innbyggjarane våre, menstaten må gje oss meir fleksibilitet.Nokre treng meir tid for å fåsamarbeidsavtalane mellom kommunane og helseføretaka på plass. Desse avtalene må byggast på likeverd.

Vi bed om at regjeringa kjem med omgrepsavklaringar på kva som er «utskrivningsklarepasientar», kva som er «øyeblikkelig hjelp» og kva «folkehelseansvaret»tyder. Det er mykje som ikkje eravklara.

Vi etterlyser manglande midlar frå staten si side til detfolkehelsearbeidet som kommunane no får ansvaret for. Regjeringa har lova mykje i valkampen som viikkje finn att i statsbudsjettet.Kommunane vil ikkje ta ansvaret for at regjeringa bryt vallovnader.

Rådsmøtetfor KrF Sogn og Fjordane bed om at regjeringa løyver pengar til å byggje oppinfrastruktur i samhandlingsreforma, som t.d. til etterutdanning ogdistriktsmedisinske sentra.»