No er 52-åringen frå Sogn dømt til fengsel i 20 dagar for køyring i rusa tilstand. Han mista førarkort i to år, og må dessutan bidra med 25.000 kroner i statskassa.

Det var i mai i år at 52-åringen la ut på to køyreturar. Eit par timar etter første etappe målte politiet alkoholkonsentrasjonen i blodet til 2,3. Tiltalte forklarte i retten at han hadde drukke tett i dagane før, men at han var edru då han byrja å køyre denne formiddagen.

Vitner oppfatta han som rusa

Medan han var i bilen hadde han to telefonsamtalar med ei venninne, og ho fekk inntrykk av at han var påverka av alkohol. Også i ein butikk der mannen var innom, fekk dei inntrykk av det same.

Men retten trudde på at mannen først byrja å drikke heftig etter at han var komen fram, og frikjente han for det første forholdet.

Sa seg uskuldig

For køyreturen attende var det på det reine at 52-åringen var rusa. Spørsmålet var om det var han sjølv eller andre som køyrde bilen tilbake til bustaden hans.

Tiltalte forklarte at han spurte ein ukjent mann om han ville køyre han heim, noko vedkommande sa seg villig til. Han veit ikkje kven denne personen er, men meiner det må vere ein han kjenner. Han har ikkje vore i kontakt med han i ettertid.

Retten var overbevist om at mannen sjølv var sjåfør, og dømde han for å ha køyrt med minst 1,75 i promille.