Mannen er no dømd til 60 dagar i fengsel på vilkår, etter den sanselause mopedturen i Sunnfjord i februar. I tillegg må han punge ut med 5000 kroner til staten.

Det er ikkje første gong mannen har rava av gårde på sunnfjordvegane. Domen er hans femte for promillekøyring.

Under normale omstende ville fyllekøyraren havna rett i fengsel etter ei slik sjangleferd. Retten kom likevel til at det var meir hensiktsmessig å nytte eit promilleprogram for å gje han ein sjanse til å rehabilitere seg sjølv.

Mannen har vore alkoholiker sidan 18-årsalderen. I retten ga han uttrykk for at han ville prøve å få gjort noko med rusvanskane sine.